Opna hovudmenyen

Erik Braadland

norsk politikar og diplomat

Erik Braadland (21. november 191014. juli 1988) var ein norsk stats-byråkrat og stortingspolitikar for Senterpartiet, fødd i Idd i Østfold.

Erik Braadland
Fødd 21. november 1910
Idd
Død

14. juli 1988

Yrke diplomat, politikar

Braadland var son til Birger Braadland. Sjølv tok han i 1928 eksamen ved Oslo Handelsgymnas og gjennomførte året etter fyrste avdeling ved Krigsskulen. Han studerte deretter økonomi og vart cand.oecon. i 1932. Frå 1934 arbeidde Braadland i Utanriksdepartementet som sekretær, utplassert i Hamburg 1934 og Marseille 1938. Perioden 1940-43 var han sekretær i Forsynings- og handelsdepartementet i London, sidan legasjonssekretær i Stockholm. I 1945 fekk han ei byråsjef-stilling i Utanriksdepartementet. Frå 1947 til 1952 var han så legasjonsråd og seinare sjef ved Militærmisjonen i Berlin. Braadland var sidan sendemann i Beograd 1952-54, Noregs ambassadør i Moskva frå 1954 til 1958 og ambassadør i London 1959-61.

Hausten 1961 vart Braadland vald inn på Stortinget frå Østfold, som fyrstekandidat på ei fellesliste for Senterpartiet og Venstre. Han var då medlem i Utanriks- og konstitusjonskomiteen. Etter attval i 1965 var han den neste fireårsbolken medlem i Finanskomiteen.

KjelderEndra