Nikolai Prebensen
Nikolai Christian Grove Prebensen (13. april 1850–24. mai 1938) var ein norsk embetsmann, politikar og diplomat. Jacob Christian Prebensen var bror hans.
Nikolai Prebensen | |||
| |||
Fødd | 13. april 1850 Risør kommune | ||
---|---|---|---|
Død | 24. mai 1938 (88 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Høgre | ||
Yrke | politikar, diplomat, dommar | ||
Far | Jacob Wetlesen Prebensen | ||
Barn | Wenche Pruszynska | ||
Alle verv |
|
Prebensen var frå Risør, der far hans dreiv handel i stor stil. Han vart student i 1868 og tok juridisk embetseksamen i 1873. Sidan studerte han språk i halvtanna år i Frankrike og England, før han i eit par år var kompanjong i faren si forretning i Risør. I 1876 byrja han som kopist i kyrkjedepartementet, medan han dei fire åra 1877-81 var fullmektig hos sorenskrivar Ferdinand Roll i Romsdal. Deretter arbeidde han vidare som kopist i justisdepartementet fram til 1887. Han var så politimeister i Vardø i to år, i 1889 vart han amtmann i Finnmarkens amt. I 1896 overtok amtmannsembetet i Nedenes amt. Til sist var han 1906-17 norsk minister i St. Petersburg.
Prebensen var ordførar i Vadsø 1892-94. Han var stortingsrepresentant for byane i Finnmark 1892-94 og for Arendal og Grimstad 1904-06. I den fyrste stortingsbolken var han medlem av militærkomiteen, medan han i den siste bolken var president i Odelstinget og formann i protokollkomiteen. I 1905 var Prebensen formann i spesialkomitéen som skulle førebu opprettinga av eit eige norsk konsulatvesen, og kom dermed til å spele ei framskoten rolle under unionsoppløysinga. 29. mars 1906 gjekk han ut av Stortinget for å overta ministerposten i St. Petersburg. Han var medlem av Høgre.
Elles var Prebensen i 1892 medlem av Finnmarkskommisjonen, og formann i i kommisjonen til utgreiing av ulike spørsmål vedkomande utanriksstellet. Også medlem av departementale komitear om fattiglova i 1896, og formannskapslova 1897.
Prebensen vart tildelt 7. juni-medaljen.
Kjelder
endre- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Dødsdato frå NBL-artikkel om Prebensen, skriven av Gunnar Molden.