For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Den siste viking (fleirtyding).

Den siste viking er ein roman av Johan Bojer. Den omhandlar kystmiljøet rundt Rissa i Trøndelag og fiskarane si reise til, og deltaking i lofotfisket. Boka kom ut i 1921 og har seinare vorte omsett til fleire språk. Ho vert rekna som den boka Johan Bojer hadde mest suksess med i Noreg. Bojer skildrar ein kultur som går tapt med framvoksteren av industrifisket. Han skildrar og kvardagskulturen i eit fiskevær for hundre år sidan. Boka gir og eit levande og autentisk bilete av fiskaren sit forhold til, og bruk av lofotbåten.

Den siste viking
Forfattar(ar)Johan Bojer
SjangerRoman
Utgjeven1921
ForlagGyldendal
Sider277
ISBN 82-05-33972-4

Handling endre

Kristaver Myran, småbrukar og fiskar , kjøper lofotbåten «Kobben». Denne båten har kollsegla tre vintrar på rad. Kristaver arbeider med å finne ut kva som er feil med båten. Under ein storm kollseglar «Kobben» denne vinteren og. Kristaver ser no kva som må rettast på. Mannskapet på «Kobben» er og med på slaget i Trollfjorden i 1890.

Skodespel endre

Den siste viking har fleire gonger vorte oppsett som friluftsteater på Museet Kystens Arv[1]Stadsbygd. På framsyninga i 2007 var bl.a. Toralv Maurstad og Erik Wenberg Jacobsen i rollene. Det har òg vorte oppsett ved Trøndelag Teater.

Utgjevingar endre

Omsett til andre språk endre

  • 1921 - rumensk: Ultimul viking
  • 1921 - polsk: Ostatni wiking
  • 1922 - fransk: Le dernier viking
  • 1923 - engelsk: The Last of the Vikings
  • 1923 - svensk: Den siste vikingen
  • 1926 - italiensk: L'ultimo Viking
  • 1933 - kroatisk: Posljednji Viking
  • - tysk: Die Lofotfischer / Der letzte Wiking

Kjelder endre

  1. Museet Kystens Arv
  2. Omtale av lydboka på Cappelen Damms nettsider, arkivert frå originalen 29. desember 2010, henta 18. september 2011