Toralv Maurstad

norsk skodespelar

Toralv Maurstad (24. november 19264. november 2022)[1] var ein norsk skodespelar, regissør og teatersjef frå Bærum. Toralv Maurstad var sonen til Alfred Maurstad. Han tok utdanning som skodespelar ved Royal Academy of Dramatic Art i London, og debuterte ved Trøndelag Teater i 1949. Han fekk gjennombrotet sitt som Holt i Det lykkelige valg. Han var tilsett ved Det Nye Teater i perioden 19511954, og var ved Nationaltheatret i perioden 19541967. Maurstad var teatersjef for Oslo Nye Teater i perioden 19671978, og for Nationaltheatret i åra 19781986. Etter 1986 var han frilansar. Han var òg godt kjend for rolla si som Georg Anker-Hansen i TV2-serien Hotel Cæsar.

Toralv Maurstad

Statsborgarskap Noreg
Fødd 24. november 1926
Bærum kommune
Død

4. november 2022 (95 år)

Yrke filmskodespelar, stemmeskodespelar, teaterskodespelar, fjernsynsskodespelar, regissør, teatersjef, filmregissør, manusforfattar
Språk norsk
Far Alfred Maurstad
Mor Tordis Maurstad
Ektefelle Beate Eriksen
Toralv Maurstad på Commons

Utmerkingar Endra

Kjelder Endra

  1. «Toralv Maurstad er død». NRK (på norsk bokmål). 4. november 2022. Henta 4. november 2022.