Johan Bojer

norsk forfatter

Johan Bojer (6. mars 18723. juli 1959) var ein norsk forfattar fødd på Orkedalsøren (i dag Orkanger i Orkland kommune.) Johan Kristoffer fekk ved fødsla etternamnet Hansen. Mora heitte Johanna Elgåen, frå Røros (1848-1884), medan handelsfullmektig Hans Bojer (Bøier) frå Kristiania (1822-1894) påtok seg farskapet. Mora var tenestejente i Trondheim, og foreldra budde ikkje i lag. Johan vart sett bort, og voks opp som fosterson hjå Mor Randi, Randi og Elias Fætten i Stadsbygd i Rissa kommune.

Johan Bojer

Statsborgarskap Noreg
Fødd 6. mars 1872
Orkanger
Død

3. juli 1959 (87 år)
Oppdal, Oslo

Yrke skodespelforfattar, skribent
Johan Bojer på Commons

Han debuterte som forfattar i 1893. Frå 1895 til 1915 budde han i Paris.

I 1899 gifte han seg med Ellen Lange (1873-1932), syster til Christian Lous Lange.

Nokre verk endre

  • 1896 Et folketog
  • 1899 Den evige Krig
  • 1900 Moder Lea
  • 1902 En pilgrimsgang
  • 1903 Troens magt
  • 1904 Brutus (skodespel)
  • 1913 Fangen som sang
  • 1916 Den store hunger
  • 1916 Sigurd Braa (skodespel)
  • 1921 Den siste viking
  • 1924 Vor egen stamme
  • 1927 Det nye tempel
  • 1928 Fangen som sang
  • 1929 Folk ved sjøen
  • 1934 Huset og havet
  • 1938 Kongens karer
  • 1942 Læregutt
  • 1946 Svenn
  • 1949 Skyld
      Denne litteraturartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.