Opna hovudmenyen
Omajademoskeen i Aleppo.

Den store moskeen eller Omajademoskeen i Aleppo er den største og eldste moskeen i Aleppo i Syria. Han ligg i gamlebyen i Aleppo som er ført inn på UNESCO si liste over verdsarv.

Minareten som no er felt.

Omajademoskeen blei først bygd tidleg på 700-talet. Den noverande bygningen blei reist frå 1000- til 1300-talet. Minareten stod ferdig i 1090. I oktober 2012 blei Omajademoskeen råka under kamphandlingar i den syriske borgarkrigen. Under nye kamphandlingar i april 2013 blei minareten frå 1090 råka av ein granat og rasert.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Omajademoskeen i Aleppo