Den store moskeen i Hama

Koordinatar: 35°8′3″N 36°44′43″E

Den store moskeen i Hama (arabisk جامع حماة الكبير) er ein moske i Hama i Syria. Han ligg kring 400 meter vest for citadellet og vart bygd på 700-talet. Han vart hardt skadd i opprøret i 1982, men er i dag heilt restaurert.

Den åttekanta mamelukk-minareten frå 1427

Historie endre

Han vart bygd av omjadane tidleg på 700-talet etter modell av Omajademoskeen i Damaskus. Den store moskeen hadde vore ei kyrkje under Austromarriket som vart tilpassa islamsk bruk. Sjølve kyrkja er bygd der det ein gong stod eit romersk tempel. Somme av den austromerske strukturen finst framleis, men det meste av bygningen vart øydelagt under den austromerske gjenerobringa av det nordlege Syria i 986. At moskeen opphavleg var ein kristen basilika kan ein sjå i strukturen som har tre gangar, og at taket over bønehallen består av fem kuplar, forma som ein kross.[1]

Den store moskeen har to minaretar. Den eine er firkanta og ligg like ved bønehallen og frå inskripsjonane på sida er han datert til 1124, men somme hevdar at foten av minareten har omjadisk opphav,[2] medan andre meiner han vart bygd i 1153.[1] Den andre minareten er åttekanta og vart bygd av mamelukkane i 1427.[2] Ved sidan av den nordlege hovudgardsplassen er det ein mindre plass der gravene til to ayyubide-kongar frå 1200-talet ligg gravlagd.[2]

Moskeen vart nesten heilt lagt i grus under opprøret i Hama i 1982,[2] men har sidan blitt bygd opp att.[1] Begge minaretane vart øydelagde under opprøret.[1] I 2001 var Den store moskeen heilt restaurert att i nesten kvar einaste detalj.[2]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Ring, Berney, Salkin, La Boda, Watson, and Schellinger, 1996, p.138.
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 Mannheim, 2001, p.218.

Bakgrunnsstoff endre