Den vilhelminske krigen i Irland

Den vilhelminske krigen i Irland, også kjend som dei jakobinske irlandskrigane og på irsk Cogadh an Dá Rí ('dei to kongars krig'), viser til krigane som følgde i kjølvatnet av avsetjinga til Jakob II av England i 1688. Kongen prøvde å ta att makta frå si protestantiske dotter Maria II og mannen hennar, Vilhelm av Oranje. Den overlegne sigeren til Vilhelm over jakobittane i Irland, og dei mindre opprøra deira i Skottland og England, førte til framhaldet av engelsk protestantisk dominans over Irland i eit hundreår. Dei vilhelminske sigrande ved omleiringa av Derry og slaget ved Boyne er blitt feira fram til våre dagar av unionistiske rørsler i Nord-Irland. Den vilhelminske krigen i Irland var ein del av niårskrigen.

Den vilhelminske krigen i Irland
Del av niårskrigen

Slaget ved Boyne, 12. juli 1690, måla av Jan Wyck.
Dato 12. mars 1689 – 3. oktober 1691
Stad Irland
Krigsårsak Kong Jakob II prøvde å vinne attende kongedømet sitt
Resultat Vilhelminsk siger, førte til freden i Limerick
Partar
Vilhelmittar, inkludert:
 England
 Skottland
 Dei sameinte Nederlanda
protestantiske kolonistar
og leigesoldtar frå forskjellige land
Irske jakobittar som kontrollerte kongedømet Irland
 Frankrike
Kommandantar
Flagget til EnglandFlagget til Skottland Kong Vilhelm III
Flagget til England Hertugen av Schomberg
Flagget til Den nederlandske republikken Jarlen av Athlone
Kong Jakob II
Hertugen av Tyrconnell
Jarlen av Lucan
Flagget til Frankrike Duc de Lauzun
Styrkar
~44 000[1] ~39 000[1]
Den vilhelminske krigen i Irland
Dromore · Derry · Bantry Bay · Newtownbutler · Boyne · 1. Limerick · Cork og Kinsale · Athlone · Aughrim · 2. Limerick

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Chandler Marlborough as Military Commander, s.35
  Denne historieartikkelen som har med Irland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.