Slaget ved Bantry Bay
Slaget ved Bantry Bay var eit sjøslag utkjempa den 11. mai 1689 under niårskrigen. Den allierte flåten var kommandert av Arthur Herbert, 1. jarl Torrington og den franske flåten av François Louis de Rousselet, Marquis de Châteaurenault. Bortsett frå operasjonane på land i La Rochelle i 1627–28, var slaget ved Bantry Bay den første gongen den engelske og franske marinen hadde møtt kvarandre i slag sidan 1545.[4]
Slaget ved Bantry Bay | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
Del av niårskrigen og den vilhelminske krigen i Irland | |||||||
Slaget ved Bantry Bay av Adriaen van Diest. | |||||||
| |||||||
Partar | |||||||
Frankrike | England | ||||||
Kommandantar | |||||||
Château-Renault | Jarl Torrington | ||||||
Styrkar | |||||||
24-26 skip[2] | 18-19 skip[3] | ||||||
Tap | |||||||
40 drepne 93 skadde Ingen skip tapt |
94 drepne 300 skadde Ingen skip tapt |
Dromore · Derry · Bantry Bay · Newtownbutler · Boyne · 1. Limerick · Cork og Kinsale · Athlone · Aughrim · 2. Limerick |
Slaget nær den irske sørkysten var noko uavgjort, men franskmennene som prøvde å forsyne kong Jakob II i forsøket hans på å ta attende trona si, klarte å setje i land forsyningane for det irske felttoget til Jakob. Franskmennene klarte derimot ikkje å følgje opp den taktiske sigeren sin, men Château-Renault hadde påført den engelske flåten stor skade.
Bakgrunn
endreEtter 'den ærerike revolusjonen' i 1688 mista Jakob II av England trona si til Vhelm, prinsen av Oranien. Den nye Vilhelm III regjerte i lag med kona si Maria. Jakob flykta til Frankrike og fekk støtte hos Ludvig XIV, men var fast bestemt på å ta attende trona. Ludvig var villig til å støtte Jakob med dette av to årsaker. For det første meinte han at Stuart-kongen hadde fått retten til den engelske trona av Gud, og det andre og viktigaste var at ein krig i Irland kunne avleie styrkane til Vilhelm bort frå Dei spanske Nederlanda, ein krigsskodeplass som seinare vart hovudfokus for både Ludvig og Vilhelm under krigen.[1]
Medan han var i Frankrike bygde Jakob opp ein arme for å støtte lordkanslaren sin i Irland, Jarl Tyrconnell. Jakob hadde alt bedt om økonomisk støtte, men det var først i mars 1689 at han var klar til å setje av stad for å sjølv leie felttoget[5] Etter å ha gått i land i Kinsale med 100 franske offiserar og ei blanding av 2 500 soldatar, reiste Jakob i lag med Tyrconnell, som han no gjorde til hertug, til Dublin. Jakob håpte å få rask kontroll over Irland, før han gjekk over til Skottland eller England, men dette var umogeleg sidan dei protestantiske skansane i Nord-Irland var utanfor hans kontroll. Felttoget trengde derfor forsyningar og utstyr frå Frankrike, men engelske parlamentarikarar, som var sterkt uroa over situasjonen som utvikla seg i Irland, ønskte å nytte Royal Navy for å hindre planane til Jakob.[6]
Slaget
endreDen nyutpeikte øvstkommanderande for den engelske flåten, Arthur Herbert, la ikkje til sjøs før starten av april, og måtte forlate fleire skip som hadde gjort mytteri etter at dei ikkje hadde fått løn tidsnok.[7] Flåten til Herbert på 19 skip segla ut den 4. april og var utanfor Cork den 12. april, der dei leita etter fiendtlege fartøy. Den franske flåten, som bestod av 24 tredje- og fjerderangs fartøy, to fregattar og fleire brannskip, samt transportskip med våpen og forsyningar til Jakob, sette ut frå Brest den 6. mai.[1]
Då franskmennene nærma seg den irske sørkysten gjorde skvadronen til Herbert det umogeleg å losse forsyningane ved KInsale, og Château-Renault vart tvungen til å ankre opp flåten sin i Bantry Bay. Morgonen etter, den 11. mai, sette franskmennene i land 1500 mann med pengar, våpen og ammunisjon, då flåten til admiral Herbert kom i syne. Franskmennene heva anker og slaget starta i det avgrensa farvatnet i bukta. Ført møtte dei to flåtane kvarandre i parallelle linjer, men Château-Renault, som hadde lovarten på si side, dreiv Herbert frå bukta og ut på det opne havet.[6] Det påfølgjande slaget, som varte totalt fire timar, vart noko uavgjort, men franskmennene hadde fått verna transportskipa sine lenge nok til at dei fekk losse.[1] Då franskmennene gav seg seint på ettermiddagen for å dra tilbake til bukta og ankre opp, var skipa til Herbert for mykje øydelagde for å kunne fløgje etter, og han hadde tapt mange mann.[8]
Etterverknad
endreFlåtane trekte seg attende. Château-Renault returnerte til Brest den 18. mai, og tok på vegen sju nederlandske handelsfartøy frå Vestindia. Herbert segla mot Scilly Isles, før han nådde Spithead, via Plymouth, den 22. mai.[8] For både franskmennene og engelskmennene var ikkje slaget tilfredsstillande. Sjølv om skipa til Herbert vart påført store skadar slik at han måtte liggje to månader i Portsmouth (som gjorde det irske farvatnet uverna i denne perioden),[6] nytta ikkje Château-Renault denne fordelen, noko som var fortvilande for dei lågare offiserane hans Job Forant og Jean Gabaret. Vilhelm var heller ikkje nøgd med utfallet, men kongen gjorde likevel Herbert til jarl av Torrington, hovudsakleg for arbeidet han hadde gjort året før i 'den ærerike revolusjonen'.[9] I tillegg slo kongen to av kapteinane til Herbert, John Ashby som hadde leia fronten, og Cloudesley Shovell, til riddarar, og gav kvar matros ti shilling kvar.[10] Jakob hadde samstundes starta omleiringa av Derry, og tok han denne byen ville det opne ei kommunikasjonslinje med jakobittane i Skottland. Tre franske fregattar under kaptein Duquesne vart sendt for å støtte han. Som svar bestilte det skotske parlamentet to små kryssarar, «Pelican» og «Janet», for å ta den franske skvadronen, men den 20. juli, vart desse kapra av Duquesne i North Channel.[11]
Dei allierte byrja å byggje opp marinestyrken sin i Kanalen, og flåten bestod snart av 34 engelske og 20 nederlandske linjeskip, med fire fregattar og 17 brannskip. Etter å ha slått seg saman med proviantskipa, patruljerte engelsk-nederlandske skvadronar området sør for Kinsale for å hindre at franskmennene kunne levere fleire forsyningar til Irland.[12] Den franske Brest-flåten, som no hadde fått med seg Tourville sin skvadron på 20 fartøy og fire fregattar, segla avstad den 15. august og segla kring Biscayabukta, utan å vere trugsel for England eller den engelske kommunikasjonen med Irland.[13] Franskmennene klarte derfor ikkje å hindre admiral Rooke i å frigje Londonderry frå omleiringa den 10. august, eller kome armeen til marskalk Schomberg frå England i forkjøpet då dei gjekk i land nær Carrickfergus den 23. august. Med forsterkingane til Schomberg, stod den vilhelminske armeen med 40 000 soldatar mot Jakob i Irland.
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 Lynn: The Wars of Louis XIV, 1667–1714, s. 203
- ↑ Roger and Aubrey skriv 24 skip; Lynn, 26.
- ↑ Aubrey skriv 18
- ↑ Tunstall: Naval warfare in the Age of Sail: The Evolution of Fighting Tactics, 1650-1815, s. 52
- ↑ Kinross: The Boyne and Aughrim: The War of the Two Kings, s. 14
- ↑ 6,0 6,1 6,2 Roger: The Command of the Ocean: A Naval History of Britain 1649–1815, s.143
- ↑ Roger: The Command of the Ocean: A Naval History of Britain 1649–1815, s. 143: Herbert succeeded Admiral George Legge, Earl of Dartmouth.
- ↑ 8,0 8,1 Aubrey: The Defeat of James Stuart’s Armada 1692, s. 35
- ↑ Roger: The Command of the Ocean: A Naval History of Britain 1649–1815, s. 143
- ↑ Aubrey: The Defeat of James Stuart’s Armada 1692, s. 36
- ↑ Roger: The Command of the Ocean: A Naval History of Britain 1649–1815, s. 144
- ↑ Aubrey: The Defeat of James Stuart’s Armada 1692, s. 37
- ↑ Roger: The Command of the Ocean: A Naval History of Britain 1649–1815, s. 144.
- Denne artikkelen bygger på «Battle of Bantry Bay» frå Wikipedia på engelsk, den 22. januar 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Aubrey, Philip. The Defeat of James Stuart’s Armada 1692. Leicester University Press, (1979). ISBN 0-7185-1168-9
- Lynn, John A. The Wars of Louis XIV, 1667–1714. Longman, (1999). ISBN 0-582-05629-2
- Kinross, John. The Boyne and Aughrim: The War of the Two Kings. The Windrush Press, (1998). ISBN 1-900624-07-9
- Roger N.A.M. The Command of the Ocean: A Naval History of Britain 1649–1815, Penguin Group, (2006). ISBN 0-141-02690-1
- Tunstall, B. Naval Warfare in the Age of Sail: The Evolution of Fighting Tactics, 1650-1815. Conway Maritime, (2001). ISBN 978-0851775449