Denis Law

britisk fotballspelar

Denis Law (fødd 24. februar 1940) er ein skotsk, tidlegare fotballspelar, fødd i Aberdeen. Han er særleg kjend for si tid i Manchester United, der han spela frå 1962 til 1973. Law, som vanlegvis spela indre venstre, vart cupmeister med klubben i 1963 og vann sidan to seriegull; 1965 og -67. I 1968 var han delaktig då Manchester United vann Europacupen, men spela ikkje finalen sjølv ettersom han var skadd. Mellom 1958 og -74 spela Law 55 landskampar for Skottland. I 1964 vart Law kåra til årets fotballspelar i Europa.

Denis Law
Fødd 24. februar 1940
Fødestad Aberdeen

Klubbspel endre

Law spela fyrst for Huddersfield Town, der han debuterte 24. desember 1956 i ein andredivisjonskamp mot Notts County. I mars 1960 vart han overført til Manchester City for 55 000 pund, eit rekordbeløp i England. Han spela vel ein sesong for klubben, som streva nedst på serietabellen i fyrstedivisjon. Fram til sommaren 1961 hadde han spela 81 ligakampar og skåra 16 mål for Huddersfield, samt 44 kampar og heile 21 mål for Manchester City.

Law vart lagt merke til, då han skåra 19 ligamål i 1960/61-sesongen. Sommaren 1961 gjekk Law til den italienske toppklubben Torino for heile £110 000, saman med Hibernian FCs Joe Baker. Law treivst ikkje med den ultradefensive spelestilen som rådde i Italia, det såkalla catenaccio-systemet. Han spela 27 seriekampar for Torino, og fekk 10 nettkjenningar.

I juli 1962 reiste Law tilbake til Storbritannia, der Manchester United vart hans nye arbeidsgjevar. Overgangssummen på 115 000 var ny britisk rekord. I sin fyrste sesong med Manchester-klubben skåra han eitt av måla, då klubben, med spelarar som Pat Crerand og Bobby Charlton, i mai 1963 vann 3-1 over Leicester City i FA-cupfinalen.

Gjennom 1963/64-sesongen imponerte Law stort og skåra til saman 46 mål på 41 kampar i ligaen, FA-cupen og Cupvinnarcupen. Sjølv om det ikkje vart nokon tittel på Manchester United, vart Law vald til årets fotballspelar i Europa for 1964. Manchester United vart derimot ligameister i 1965 og 1967, begge gongane var Law toppskårar for klubben. Desse åra var Law ein av dei sentrale spelarane i lsget, saman med midtbanedirigenten Bobby Charlton, som midt på 1960-talet var på sitt aller beste, og den uvanleg talentfulle høgrevingen George Best frå Nord-Irland.

Vårsesongen 1968 gjekk Law skadd og fekk såleis ikkje delta då Manchester United vann finalen i Europacupen, som aller fyrste engelske lag. Etter 1968 heldt ikkje Manchester United same nivå som tidlegare, og klarte ikkje å hevde seg i toppen av engelsk fotball. I 1972/73-sesongen sat Law for størstedelen på innbyttarbenken, og sa derfor takk for seg hos Manchester United.

Gjennom elleve sesongar spela Law 309 ligakampar for Manchester United, og skåra 171 ligamål. Til saman i alle turneringar deltok han i 404 kampar og skåra 236 mål.

Ved sesongslutt våren 1973 gjekk han over til byrivalen Manchester City. Her spela han ein sesong, der han vert særleg hugsa for å ha skåra sigersmålet i den siste ligakampen, mot nettopp Manchester United som då rykte ned til 2. divisjon. Law spela 29 kampar og skåra 12 mål i sin siste sesong.

Landslagsspel endre

Law debuterte på Skottland sitt landslag i Cardiff den 18. oktober 1958. Han skåra det andre målet i ein kamp som enda med 3-0 til Skottland over heimelaget Wales. Law fekk ganske snart hevd på plassen som indre-venstre på landslaget. 4. juni 1963 var han med då Skottland på Brann stadion spela vennskapslandskamp mot Noreg. Trass i at Law skåra tre mål, enda kampen med siger 4-3 til heimelaget. Fem månader seinare gjesta Noreg Skottland på Hampden Park, der skåra Law fire mål i ein landskamp som heimelaget vann 6-1.

Si største stund for Skottland opplevde han då verdmeistrane England vart slått 3-2 på Wembley den 15. april 1967. Law skåra Skottlands fyrste mål, triumfen rekna han som større enn ligatittelen han vann med Manchester United den same våren.

Skottland kvalifiserte seg til fotball-VM 1974 i Tyskland, 16 år etter landslaget sist var med i ein verdsmeisterskap. Law kom noko overraskande med i startellevaren til opningskampen mot Zaire. Kampen, som enda med 2-0 siger til skottane, vart Law sin 55. og siste landskamp. Han skåra i alt 30 mål for Skottland, noko som er målrekord også i 2012, også Kenny Dalglish har skåra like mange landslagsmål.

Law la fotballskoa på hylla i august 1974.

Merittar endre

  • Engelsk FA-cupmeister 1963 med Manchester United
  • Engelsk seriemeister 1965 og 1967 med Manchester United
  • Vinnar av Europacupen 1968 med Manchester United

Kjelder endre