Denis Archibald West Payton (11. august 194317. desember 2006) var ein engelsk musikar som spelte tenorsaksofon, barytonsaksofon, gitar og munnspel i The Dave Clark Five.

Denis Payton

Fødd11. august 1943(1943-08-11)
FødestadWalthamstow i Essex i England
Død17. desember 2006 (63 år)
DødsstadBournemouth i Dorset i England
FødenamnDenis Archibald West Payton
OpphavStorbritannia
Aktiv1960- og 1970-åra
Sjangerpop, rock, Beat, jazz
InstrumentSaksofon, munnspel, gitar, korvokal
Tilknytte artistarThe Dave Clark Five
PlateselskapColumbia (EMI), Epic
Verka somsaksofonist, eigedomsagent

Biografi endre

Som tenåring spelte Payton i eit jazzband med han studerte for å bli elektrikar.[1] Gjennom bandet sitt vart han kjend med andre band og vart ofte invitert til å spele med desse banda, og han flytta frå eit band til det neste. Slik vart han kjend med Dave Clark, leiaren for Dave Clark Five with Stan Saxon. Då Saxon, som spelte saksofon og stundom song, slutta i 1962 i lag med den andre saksofonisten Jim Spencer, vart gruppa kalla Dave Clark Five og Denis Payton tok over som saksofonist i bandet.[2]

I dei tidlege åra spelte gruppa til Dave Clark mykje instrumentalmusikk. Gradvis endra gruppa repertoaret sitt frå jazz og dansemusikk til pop.[3] Bandet fekk fleire hitsinglar som Payton spelte på. Payton var òg medlåtskrivar i lag med Dave Clark på mange av songane til bandet. Gruppa vart oppløyst i 1970 og Payton vart eigedomsmeklar i Bournemouth, men fortsette å spele på fritida.

Payton døydde i desember 2006, 63 år gammal, etter å ha hatt kreft nokre år.[4]

The Dave Clark Five vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame den 10. mars 2008.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Denis Payton