Fish
Derek William Dick (fødd 25. april 1958) eller Fish, som er artistnamnet hans, er ein skotsk songar, skribent og skodespelar. Etter ein kort karriere som gartnar og skogarbeidar vart hans kjend som vokalist i bandet Marillion.
Fish | |||
| |||
Fødd | 25. april 1958 (66 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Dalkeith i Midlothian i Skottland | ||
Fødenamn | Derek William Dick | ||
Alias | Fish | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Aktiv | 1981 til i dag | ||
Sjanger | Neo-progressiv rock | ||
Instrument | Vokal, perkusjon | ||
Tilknytte artistar | Marillion, Tony Banks, Ayreon | ||
Plateselskap | Chocolate Frog, EMI, Polydor, Roadrunner, Voiceprint, Dick Bros. | ||
Verka som | Musikar, songar-låtskrivar, skodespelar |
Karriere
endreFish forlét Marillion hausten 1988. Bandet hadde vore igjennom ein eksplosiv vekst, og både Fish og bandet følte at suksessen kom til ein uakseptabel pris. Store interne gnissingar, fraksjonering innan band og management, personlege problem med alkohol og narkotika og eit sterkt press frå EMI, plateselskapet til bandet, gjorde at Fish til slutt valde å forlate bandet.
Trass i brotet med Marillion, var Fish kontraktsbunden til EMI. Solodebuten Vigil in a Wilderness of Mirrors kom difor ut på EMI vinteren 1990, og var både ein kommersiell og kritikarrost suksess. Trass i store salstal og høg mediaprofil, var Fish sterkt misnøgd med kontrakten han hadde med EMI. Denne kontrakten var laga med Fish for å handtere eventuelle solo-album han kunne utgje medan han framleis var å rekne som eit medlem av Marillion – økonomisk gav difor det store salet låg utteljing og kunstnarisk var han nøydd til å sjå på at EMI åtte rettane til åndsverket.
Konsekvensen var at Fish i 1990 difor måtte slite seg gjennom to vesentlege rettssaker, først ein runde i retten med Marillion der ein måtte bli samde om ein fordelingsnøkkel i tilhøve til inntekter frå dei Marillionplatene han hadde bidrege til (og der Fish òg fekk tilkjent eigarskapen til Marker Wilkinsons sine kunstneriske plateomslag), og dessutan ein lengre prosess der Fish freista å saksøkja EMI for å ha tvinga han til å gjennomføre ein kontrakt han sjølv meinte var urett. Dette enda med eit stort tap.
Fish knytte raskt kontakt med Polydor Records, men brukte nesten to år på å kome ut med det neste soloalbumet sitt, Internal Exile. Trass i at dette albumet såg Fish gjenforeint med produsenten Chris Kimsey (produsent for dei største suksessane til Marillion, Misplaced Childhood og Clutching at Straws) var albumet prega av ein artist som freista å omfamne for mange stilarter, som ein konsekvens virka Internal Exile uinspirert og den store suksessen uteblei. Polydor vart òg sitjande med store delar av kostnadene Fish tok med seg frå rettssaka mot EMI, og tilhøvet partane imellom surna. Fish valde difor å utgje ein CD med coverversjonar av 70-talslåter, Songs from the Mirror, for å kome seg ut av kontrakten.
Fish oppretta Dick Bros Record Company i 1993. Som logo for selskapet nytta han seg av firmalogoen til den gamle bensinen- og servicestasjonen til til familien i Haddington i Skottland.
Han slapp ein god del «offisielle bootleg»-album for å finansiere selskapet. Selskapet vart seinare selt til Roadrunner Records. Etter han selde selskapet til Roadrunner Records gjekk det ikkje så bra før han etablerte eit nytt selskap, Chocolate Frogs, i 2001.
Namnet «Fish» blir sagt å stamme frå fleire tilhøve. Sjølv fortel han at han som ungdom hadde for vane å tilbringe lange laurdagsettermiddagar i badet, frustrerte vener som venta på at han skulle bli ferdig byrja å lure på om han «...kanskje var ein fisk». Seinare har Fish òg fortalt at han som ungdom var særs oppteken av Chris Squire, bassist i legendariske Yes, som òg har kallenamnet «The Fish», Squire gav òg ut det legendariske soloalbumet «Fish Out of Water» på 70-talet. Det er difor lite som tyder på at det er kapasiteten til mannen for å drikke som har inspirert namnet.
Kanskje det største talentet til Fish er songtekstane hans. Dei introspektive songtekstane handlar ofte om personlege problem og kan i mange samanhengar kallast fin poesi. Nokre av dei nyare arbeida hans inneheld lange passasjar i songar der han pratar med musikken spelande i bakgrunnen. Slike passasjar finst i kortare (og færre) grad i songane hans med Marillion.
Plateomslaga på dei fire Marillion-albuma hans og dei fleste av soloalbuma hans er laga av kunstnaren Marker Wilkinson.
Diskografi (solo)
endreStudioalbum
endre- 1990 Vigil in a Wilderness of Mirrors
- 1991 Internal Exile
- 1993 Songs from the Mirror (coversongar)
- 1994 Suits
- 1995 Yin (ei samling av nyinnspelte songar)
- 1995 Yang (ei samling av nyinnspelte songar)
- 1997 Sunsets on Empire
- 1998 Kettle of Fish (samleplate)
- 1999 Raingods with Zippos
- 2001 Fellini Days
- 2003 Field of Crows
- 2005 Bouillabaisse, The Best Of Fish
- 2007 13th Star
- 2013 A Feast of Consequenses
- 2020 Weltschmerz
Konsertalbum
endre- 1993 Pigpen's Birthday
- 1993 Derek Dick and his Amazing Electric Bear
- 1993 Uncle Fish and the Crypt Creepers
- 1993 For Whom the Bells Toll
- 1993 Toiling in the Reeperbahn
- 1994 Sushi
- 1996 Fish Head Curry (berre 5000 kopiar eksisterer)
- 1996 Krakow
- 1998 Tales from the Big Bus
- 1999 The Complete BBC Sessions
- 1999 The Haddington Tapes
- 2000 Candlelight In Fog
- 2001 Sashimi
- 2002 Fellini Nights
- 2003 Mixed Company
- 2005 Scattering Crows
- 2006 Return to Childhood
- 2007 Communion
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Derek William Dick» frå Wikipedia på bokmål, den 31. juli 2012.