Derrick Adkins (fødd 2. juli 1970) er ein USA-amerikansk tidlegare friidrettsutøvar frå New York som vart verdsmeister 1995 og olympisk meister 1996 i 400 meter hekk.

Derrick Adkins


Statsborgarskap USA
Fødd 2. juli 1970 (53 år)
Brooklyn
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1996, VM i friidrett 1991, VM i friidrett 1993, VM i friidrett 1995, VM i friidrett 1997

Aktiv endre

Adkins slo gjennom i 1991-sesongen, då han vann 400 meter hekk under universiaden i Sheffield og vart sjettemann i VM i Tokyo. To år seinare kom han på sjuandeplass i Stuttgart-VM.

Hans fyrste store meisterskapstriumf kom i 1995 under VM i Göteborg, der han vann gullmedaljen på langhekken fem hundredelar framom zambiaren Samuel Matete. Under Sommar-OL 1996 i Atlanta stod gullstriden atter mellom Adkins og Matete, og nok ein gong vann Adkins, då med 24 hundredelars forsprang.

Adkins siste internasjonale meisterskap vart VM 1997, der han rauk ut i semifinalane.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre