For andre tydingar av oppslagsordet, sjå ulsterfrakk.

Ulster (irsk Cúige Uladh eller Ulaidh; ulsterskotsk Ulstèr) er ein av fire provinsar Irland. Provinsen består av ni grevskap og seks av desse utgjer Nord-Irland, medan dei tre andre ligg i Republikken Irland. Dei seks grevskapa i Nord-Irland er Antrim, Armagh, Down, Fermanagh, Londonderry og Tyrone, medan dei tre i Republikken er Cavan, Donegal og Monaghan.

Ulster
Cúige Uladh
Våpen
Land Mal:Landdata Storbritannia, Irland
Del av Storbritannia, Irland
Areal 24 481 km²
Folketal 1 993 918  (2006)
Folketettleik 81 / km²
Kart
Ulster
54°44′27″N 6°44′40″W / 54.740722222222°N 6.7445555555556°W / 54.740722222222; -6.7445555555556
Wikimedia Commons: Ulster

Namnet Ulster vert av nordirske unionistar (tilhengjarar av Nord-Irland si tilknyting til Storbritannia) som regel berre brukt om dei seks grevskapa i Nord-Irland. Eit alternativt namn som vert nytta av unionistar og av mange i Storbritannia er The Province.

Av dei om lag 1,9 millionar innbyggjarane, bur nesten 1,7 millionar i Nord-Irland, og berre omkring 250 000 i Republikken.

Historie endre

1600-talet var Ulster den siste delen av Irland der gæliske styrkar stod imot engelskmennene. Etter at irane tapte slaget ved Kinsale i 1601, og seinare ved Mountjoy og Dunboy slott, kunne Elisabeth I av England legge heile Irland under den engelske krona.

I 1921, då Den irske fristaten vart oppretta, vart mesteparten av Ulster skild ut som ein del av Det sameinte kongeriket Storbritannia og Nord-Irland.

Flagg endre

Ulster sitt tradisjonelle flagg er nesten identisk med Nord-Irland sitt uoffisielle flagg, som er utvikla frå dette. Den viktigaste skilnaden er at det nordirske flagget har kvit bakgrunn, og ei krone over den raude handa.

Kjelder endre