Des Walker

britisk fotballspelar

Desmond Sinclair Walker (fødd 26. november 1965) er ein engelsk tidlegare fotballspelar frå Hackney. Han var sideback og deltok i 59 landskampar i tida 1988-93. I 1990 spelte han bronsefinalen under VM i fotball 1990.

Des Walker


Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 26. november 1965 (58 år)
London
Idrett fotball
Tok del i VM i fotball 1990, EM i fotball 1992

Karriere

endre

Klubbspel

endre

Walker fekk sin ligadebut med Nottingham Forest i 1984 og var aktiv i klubben til 1992. Her var han med å vinne ligacupen i 1989 og 1990. Etter å ha gjort teneste i italienske Sampdoria i 1992/93-sesongen, vart han sommaren 1993 overført til Sheffield Wednesday. Gjennom åtte sesongar til 2001 var han fast i fyrste-ellevaren til laget frå Sheffield. Walker slutta som aktiv i 2004 etter på ny å ha spelt for Nottingham Forest, då på nivå 2 i ligasystemet.

Landslagsspel

endre

Walker fekk sin landslagsdebut 14. september 1988 som innbytar. Fram til 17. november 1993 spelte han venstreback i til saman 59 kampar, skåra aldri. Under VM i fotball 1990 imponerte han stort med si fart og taklingsevne. Meisterskapen enda med at England tapte bronsefinalen mot vertslandet Italia. 1992/93 tok han del i begge VM-kvalifiseringskampane mot Noreg. Oppgjeret i London enda 1-1, i Oslo tapte England 0-2.

Karriere

endre

Merittar

endre
  • Vinnar av den engelske ligacupen: 1989 og 1990 med Nottingham Forest
  • Finalist i FA-cupen: 1991 med Nottingham Forest
  • Finalist i den engelske ligacupen: 1992 med Nottingham Forest
  • Tredjeplass i den engelske ligaen: 1988 og 1989 med Nottingham Forest

Kjelder

endre