Det israelske flagget

Det israelske flagget er danna av ei blå davidsstjerne på kvit botn og to vassrette blå striper oppe og nede. Blåfargen i flagget varierer frå marineblå til lyseblå, på grunn av uklar flagglovgjeving. Flagget skal symbolisera ei davidstjerne på eit jødisk bønneskjerf (tallét).

Det israelske flagget. Storleikstilhøvet er: 8:11
Det israelske handelsflagget.
Det israelske orlogsflagget.

Det israelske handelsflagget og orlogsflagget er ulike frå nasjonalflagget. Begge har heilt blå flaggduk, men handelsflagget har davidsstjerna i ein kvit oval nær stangen medan orlogsflagget har stjerna sett i ein ein kvit trekant plassert ved stangsida.

Historie endre

Flagget blei først vist under Rishon-LeZion i 1885, og så under den første sionistkongressen i Basel i Sveits i 1897. Det blei presentert av David Wolffsohn, og tok utgangspunkt i talléten.

Det blei offisielt flagg for Israel 28. oktober 1948, seks månader etter at Israel erklærte sjølvstende. Allereie ved denne fråsegna hadde David Ben-Gurion hatt flagget ved sida av seg då ho blei lesen opp.[1]

Kjelder endre

  1. «Flag of Israel» (på engelsk). Science.co.il. Henta 16. desember 2008. 

Bakgrunnsstoff endre