Tallét
Ein tallét, (hebraisk טלֵּית ṭallēt (klassisk) el. טַלִּית ṭallīt (israelsk), fleirtal talletót) er eit jødisk bønnesjal med ein spesiell dusk, sisít, i kvart av dei fire hjørna.

BrukEndra
Kven brukar tallét?Endra
Skikken for kven som brukar tallét varierer noko:
Gifte jødiske mennEndra
Alle sefardiske og askenasiske autoritetar reknar talléten som obligatorisk for alle gifte jødiske menn.
Ugifte jødiske menn og gutar over 13 årEndra
I sefardisk jødedom blir talléten rekna som obligatorisk for alle jødiske gutar over 13 år. Frå 1900-talet av er dette vorte vanleg i mange moderne askenasiske meinigheiter òg.
Jødiske gutar under 13 årEndra
I sefardisk jødedom er skikken at alle jødiske gutar som er gamle nok til å handsame talléten med respekt har på seg ein tallét i synagogen. I praksis skjer dette frå om lag fem- til sjuårsalderen.
Jødiske kvinner og jenter over 12 årEndra
Det finst fem hovudsyn på bruk av tallét for kvinner og jenter:
- Obligatorisk: Karaittisk jødedom.
- Ikkje obligatorisk, men sterkt tilrådd: Risjón leSión Yisrael Ya‘aqob Alghazi.
- Ikkje obligatorisk, men fullt ut tillate, og kvinner seier den spesielle signinga: Rabbénu Tam, Rasjba.
- Tillate, men kvinner seier ikkje den spesielle signinga: Rashi, Maimonides.
- Forbode for kvinner: Utbreidd syn i nyare askenasisk-ortodokse krinsar.
Ikkje-jødiske kvinner og mennEndra
Rabbanittisk jødedom fråråder i utgangspunktet bruk av tallét for ikkje-jødar.
Kva tid brukar ein tallét?Endra
Talléten blir bruka under bønn, hovudsakleg om morgonen og i nokon grad om ettermiddagen. Ein brukar stort sett ikkje tallét når sola ikkje er oppe, men det finst unntak — sjå nedanfor.
Talléten blir bruka av meinigheita under alle morgongudstenester, og dessutan under ettermiddagsgudstenester av dei som er tildelt ein spesiell misvá — som til dømes alijá. I ein del synagogar brukar alle tallét under ettermiddagsgudstenesta på sjabbát. På jom kippúr brukar meinigheita talletót under alle gudstenestene, inkludert kveldsgudstenesta. Nokre få grupper — først og fremst jemenittiske jødar — har på seg tallét under gudstenesta på fredag kveld.
Skikken varierer for den som leier gudstenesta: I nokre meinigheiter følgjer leiaren den same skikken som meinigheita, og i andre meinigheiter er det skikk at leiaren alltid har på seg tallét.
Ordet tallétEndra
OpphavEndra
Ordet tallét er truleg eit lån frå gresk στολη. (stolē, jrf. latinsk stola), men har òg vorte sett i samband med den arameiske rota טלל (ṬLL).