Det kongelege Preussen

historisk stat

Det kongelege Preussen (tysk Königliches Preußen; polsk Prusy Królewskie) var ein provins i Kongedømet Polen frå 1466 og så Det polsk-litauiske samveldet frå 1569 til 1772. Det kongelege Preussen inkluderte Pommerellen, Kulmerland, Malbork voivodskap (Marienburg), Gdańsk (Danzig), Toruń (Thorn) og Elbląg (Elbing). Det kongeleg Preussen skil seg frå Hertugdømet Preussen og var ein del av Polen, medan hertugdømet Preussen var under polsk suzerenitet som eit polsk len. Frå 1657 vart derimot sistnemnde sjølvstendig (personalunion med markgrevskapet Brandenburg).


Historia til Brandenburg og Preussen
Nordmark
før 1100-talet
Gammalprøyssarane
før 1200-talet
Markgrevskapet Brandenburg
11571618 (1806)
Ordensstaat
12241525
Hertugdømet Preussen
15251618
Det kongelege (polske) Preussen
14661772
Brandenburg-Preussen
16181701
Kongedøme i Preussen
17011772
Kongedømet Preussen
17721918
Fristaten Preussen
19181947
Brandenburg
19471952 / 1990

Den vestlege delen av Preussen heldt på dei tidlegare rettane sine som gjaldt fleire forfatningsrettslege særreglar. Dei prøyssiske stendane, særskild det sterke tyske borgarskapet i hansabyar Danzig, Thorn og Elbing, heldt på privilegia sine. Tysk var offisielt språk, og byene hadde sin eigen finans- og valutapolitikk, eigne myntar, eige rettssystem, eigne lover, eigen hær og eigne diplomatiske representasjonar.

Etter Lublinunionen i 1569 vart ein del av rettane einsidig oppheva, og kongen fekk meir makt. Med eit sterk regional medvit og distanse til kongen i Warszawa vart bevart. Med hertugdømet Preussen såg ein seg som nært historisk knytt saman. I 1772 vart Det kongelege Preussen med unntak av Danzig og Thorn innlemma i Kongeriket Preussen, og vart til provinsen Vest-Preussen. Danzig og Thorn vart innlemma året etter.

Litteratur endre

  • Hans-Jürgen Bömelburg: Zwischen polnischer Ständegesellschaft und preußischem Obrigkeitsstaat. Vom Königlichen Preußen zu Westpreußen (1756-1806), München 1995, ISBN 3-486-56127-8
  • Karin Friedrich, The Other Prussia. Royal Prussia, Poland and Liberty, 1569-1772, Cambridge 2000 ISBN 0-521-58335-7
  • Michael G. Müller, Zweite Reformation und Städtische Autonomie im Königlichen Preußen. Danzig, Elbing und Thorn in der Epoche der Konfessionalisierung (1557-1660), Berlin 1998, ISBN 3-05-003215-4

Kjelder endre