Brandenburg-Preussen

Brandenburg-Preußen
Brandenburg-Preussen
Våpenskjold Brandenburg
 
Våpenskjold Preussen
16181701 Wappen Preußen.png
Flagg Våpen
Våpenskjoldet til Brandenburg Våpenskjoldet til Preussen
Hovudstad Berlin (Königsberg)
Styreform Fyrstedøme
Kurfyrste-Hertug
 - 1618–1619 Johan Sigismund
 - 1619–1640 Georg Vilhelm
 - 1640–1688 Fredrik Vilhelm
 - 1688–1701 Fredrik III
Historie
 - Personalunion 27. august 1618
 - Prøyssisk sjølvstende 19. september 1657
 - Omgjort til kongedøme 18. januar 1701

Brandenburg-Preussen (tysk Brandenburg-Preußen) var eit tysk monarki som vart oppretta som ein personalunion mellom Hertugdømet Preussen og Markgrevskapet Brandenburg i 1618.

Monarkiet vart styrt av ei grein av Hohenzollern-dynastiet som tidlegare hadde styrt Brandenburg. Uttrykket Brandenburg-Preussen refererer til dette monarkiet frå det vart oppretta og fram til 1701, frå då det vanlegvis vert kalla Kongedømet Preussen. Uttrykket Brandenburg-Preussen vert stundom nytta for å skildre den Brandenburg-styrte staten etter at kongedømet vart oppretta i 1701, men denne staten vart berre kalla Preussen etter 1806.

Hertugdømet Preussen vart oppretta som følgje av sekularisering av den prøyssiske Klosterstaten til Den tyske riddarordenen. Dette var ein vasall under Polen styrt av ei yngre grein av Huset Hohenzollern. Albert I av Prøyssen styrte hertugdømet då han døydde og det gjekk vidare til den evneveike Albert Fredrik. Dottera hans gifta seg med Johan Sigismund av Brandenburg, og på den måten fekk hovudgreina av Hohenzollernfamilien arveretten til hertugdømet. Dette skjedde i 1618 då Albert Fredrik døydde, men hertugdømet vart framleis halde som eit len under Polen fram til 1657.

Sidan hertugdømet Preussen låg utanfor grensene til Det tysk-romerske riket kunne kurfyrsten Fredrik III av Brandenburg kalle seg konge av Preussen i 1701, noko han fekk løyve til mot å støtte keisar Leopold I i den spanske arvefølgjekrigen. Dette reiv laus alle lenkjer til Polen og den første prøyssiske kongen var den siste herskaren i Brandenburg-Preussen som snakka flytande polsk. I 1773 vart det tidlegare hertugdømet organisert som provinsen Aust-Preussen, medan det meste av den polske provinsen Det kongelege Preussen vart Vest-Preussen. I 1806, vart Brandenburg, som alle kongane heldt til i, omorganisert som den prøyssiske provinsen Brandenburg.

KjelderEndra