Klosterstaten til Den tyske riddarordenen

Klosterstaten til Den tyske riddarordenen (tysk Deutschordensland eller Ordenstaat) vart grunnlagd av Den tyske riddarordenen etter dei hadde erobra Preussen og dei heidenske gamalprøyssarane1200-talet. Han vart danna av riddarordenen i 1224 under dei nordlege krosstoga. Klosterstaten vart sekularisert i 1525 under reformasjonen og erstatta av Hertugdømet Preussen aust i Preussen.

Ordensstaat
Klosterstaten til Den tyske riddarordenen
Sjølvstendig klosterstat
så eit len i Polen
Blank.png
1224–1525 POL Prusy książęce COA.svg

Våpenet til Klosterstaten

Våpen

Hovudstad Königsberg (Kaliningrad)
Religion Romersk-katolsk
Styreform Fyrstedøme
Stormeistrar av Den tysk riddarordenen
 - 120939 Hermann von Salza
 - 151025 Albert av Brandenburg-Ansbach
Historisk periode Mellomalderen
 - Dei nordlege krosstoga 1224
 - Absorbert av Livland 1237
 - Kjøpt av Neumark 1404
 - Hansaen forsvinn¹, Det prøyssiske forbundet oppretta 1440
 - Prestekrigen 146779
 - Reformasjonen 1525
Hansabyane som reiv seg laus frå Den tyske riddarordenen i 1440 var Gdańsk, Elbląg og Toruń

Mange hadde tidlegare prøvd å erobre dei prøyssiske områda utan hell. Konrad I av Masovia hadde fleire forsøk, men vart slått tilbake kvar gong og bad til slutt Den tyske riddarordenen om støtte. Resultatet vart eit krosstog mot prøyssarane og mange av riddarane i Europa slo seg med i krosstoget som til slutt varte i seksti år. Tidleg i 1224 annonserte keisar Fredrik II av Det tysk-romerske riket at Livland, Preussen og fleire omliggande provinsar var reichsfrei og skulle styrast direkte under den romersk-katolske kyrkja og Det tysk-romerske riket utan lokale herskarar. Mot slutten av 1224 utnemnde pave Honorius III biskop Vilhelm av Modena som pavelegat for Livland, Preussen og andre land. Med den keisarlege bullen i Rimini og pavebullen i Rieti fekk Den tyske riddarordenen Preussen som sitt landområde.

KjelderEndra

  Denne historieartikkelen som har med Preussen å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.