Det moderne gjennombrotet
(Omdirigert frå Det moderne gjennombrudd)
Det, at en Litteratur i vore Dage lever, viser sig i, at den sætter Problemer under Debat.
Georg Brandes
Hovedströmninger I Det 19de Aarhundredes Litteratur, 1872 |
Det moderne gjennombrotet viser til ein periode i kunst- og litteraturhistoria rundt om lag 1870 der romantikken og poetisk realisme blei avløyst av realisme og naturalisme. Nemninga viser først og fremst til skandinavisk problematiserande litteratur, som i denne tida også fekk eit gjennombrot elles i Europa.
Ein reknar ofte Georg Brandes sine førelesingar ved Universitetet i København på 1870-talet som byrjinga av det moderne gjennombrotet.