Det nye Jerusalem

«Det nye Jerusalem» – eller «det himmelske Jerusalem» – er i kristendommen eit bilete på det evige livet etter døden, i himmelriket. Omgrepet har opphav i jødedommen; etter øydelegginga av Salomons tempel i år 586 f.Kr. gav ikkje jødane opp håpet om at byen Jerusalem ein gong skulle gjenreisast. Jødane heldt fram profeten Esekiel sitt ord om at Jerusalem skulle byggjast opp att den tida folket sat i fangenskap i Babylon. At det øydelagde byen Jerusalem skulle gjenreisast og byggjast opp att, var òg profetert alt i profeten Daniel i Det gamle testamentet. Tilsvarande heiter det i Salmane, (sal. 147,2) «Herren byggjer Jerusalem og samlar Israels spreidde folk.» Desse profetiane er i kristen tradisjon nytolka til å vere ein profeti om himmelriket.

I Galatarbrevet (Gal. 4,26) skriv Paulus om «Jerusalem som er i det høge», som eit bilete på gudsriket. I Johannes' openberring er «Guds by, det nye Jerusalem, som kjem ned frå himmelen, frå min Gud» brukt som nemning på riket som skal komme. «Det nye Jerusalem» er omtalt meir detaljert i kap. 21, vers 9–27.

Det nye Jerusalem er eit ynda tema i kristen salmedikting, spesielt i pietistisk tradisjon. Lina Sandell har dikta «Jerusalem, Jerusalem som ovan der er bygt». Hans Adolph Brorson skriv i sin Svanesang om «O Hellig Ånd! mit hjerte / den stad så hårdt attrår, / det søde hjem, / Jerusalem, / hvor al min nød og smerte / sit pas og afsked får.»