Det shetlandske flagget

Det shetlandske flagget er ein kvit kross på ein blå bakgrunn. Flagget nøyter letene til det skotske flagget, men i form av ein nordisk kross for å symbolisera dei historiske og kulturelle banda Shetland har til Skandinavia. Den offisielle føretrekte leten på flagget til Skottland er Pantone 300,[2] noko som vil vera norma for det shetlandske flagget òg, sjølv om Flag Institute listar leten som ein liknande Pantone 286.[1] Flagget vart laga av Roy Grønneberg og Bill Adams i 1969, i samanheng med 500-årsjubileet av overføringa av øyene frå Noreg i Kalmarunionen til Skottland, og dessutan feiringa av dei 500 åra øyene før det hadde vore ein del av Noreg.[3]

Flagget til Shetland, proporsjon 3:5.[1]
Det shetlandske flagget som vaiar i Unst.

Flagget vert mykje nøytt privat av Shetland både til lands og sjøs, og vert no sett på som eit symbol på den shetlandske identiteten. I 2007 vart «Shetland Flagg Day» innført av rådet, som voner at dagen skal verta nøytt til å «feira alle ting som har med Shetland å gjera».[4] Nesten 40 år med uoffisiell bruk, vart flagget formelt godkjent av Lord Lyon King of Arms, den heraldiske autoriteten i Skottland, den 1. februar 2005.[5]

Likskapar med andre flagg endre

Flagget er nesten identisk med det tidlegare uoffisielle nasjonale flagget til Island – Hvítbláinn – som vart nøytt av islandske nasjonalistaktivistar frå 1897 til 1915. Hvítbláinn vart erstatta av di likskapen med det greske og det svenske flagget, som kritikarane synte ville vera vand å skilja frå kvarandre på sjøen, ei stor sak i ein krig. Det kvit-blåe flagget vert framleis nøytt av Islandsk ungdomsforeining, nasjonalistar og ved politiske arrangement.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «Shetland - The Flag Institute». The Flag Institute. Henta 7. juli 2019. 
  2. «St Andrew & the Saltire, the Scottish Flag» (på engelsk). Henta 21. juni 2022. 
  3. «Shetland Islands (United Kingdom)», www.crwflags.com, henta 5. mars 2024 
  4. Article from shetlandtoday on Shetland Flag Day
  5. «International Island Games Association | IIGA», www.iiga.org, henta 5. mars 2024 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Det shetlandske flagget