Det ville vesten
Det ville vesten (eng. the Wild West) var ein periode mellom 1848 og 1890 i erobringa av det vestlege Nord-Amerika. Uttrykket er blitt kjent gjennom mange romanar, teikneseriar og filmar som er bygd over episodar frå denne tida.
Det heile byrja i 1848 etter eit stort gullfunn i California. Indianarane som alt budde der, vart drivne tilbake i områda Arizona, Colorado, Wyoming og Montana, og nybyggjarsamfunn voks opp i raskt tempo. Etter få år tvinga lovløysa fram ein slags primitiv rettsorden som vart handheva av ein væpna sheriff. I løpet av 1890-åra var det eigenlege Ville vesten gått over i historia.
Kjelder
endre- Denne artikkelen byggjer på «Ville Vesten» frå Wikipedia på bokmål, den 6. august 2011.