Deutsche Schule Oslo – Max Tau

Deutsche Schule Oslo – Max Tau er ein tyskspråkleg privat skule i Oslo som vert driven i samsvar med det tyske skulesystemet og fylgjer dei tyske læreplanane. Skulen er organisert som ei stifting, og namngjeve etter den jødiske filosofen, forfattaren og forleggjaren Max Tau, som døydde i Oslo i 1976. I 2010 vart skulen eit norsk-tysk bilateralt prosjekt som kan gje elevane utdanning for å kome inn på både norske og internasjonale universitet. Skulen har rett til norsk statstilskott.

Den norsk-tyske bikulturelle skulen ligg i dei gamle lokala åt Hegdehaugen skole i Sporveisgata 20.

Skulen opna i 1980 som ein grunnskule for eit titals tyskspråklege born av dei tilsette ved den tyske ambasaden i Oslo og ved hovudkvarteret for NATOs nordkommando. Med tida har skulen vakse til å ha eit syttitals barnehageborn og 220 elevar, av desse om lag halvparten norske, og gjev undervisning på alle trinn til og med vidaregåande. Skulen held til i Sporveisgata 20 og Bislettgata 8 i Oslo.

Bakgrunnsstoff Endra