Deutz-Fahr
Deutz-Fahr er eit tysk føretak som produserer traktorar. Føretaket har røter tilbake til 1864, då Nicolaus August Otto stifta Motorenfabrik N.A. Otto & Cie., som seinare skifta namn til Klöckner-Humboldt-Deutz AG[1][2]. Traktorproduksjonen tok til i 1918, med ein benzendriven traktor på 30 hk. I 1975 kjøpte Deutz den tyske traktorprodusenten Fahr og endre merkenamn til Deutz-Fahr[1]. I 1992 produserte Deutz traktor nr. 1 million. I 1995 vart føretaket kjøpt av den italienske traktorprodusenten SAME (Società Accomandita Motori Endotermici), som skifta namn til SAME Deutz-Fahr.
Deutz-Fahr | |||
| |||
| |||
Org.form | Gesellschaft mit beschränkter Haftung | ||
---|---|---|---|
Bransje | Jordbruk | ||
Skipa | 1977 | ||
Eigar | SAME Deutz-Fahr | ||
Morselskap | SAME Deutz-Fahr | ||
Hovudkontor | Köln | ||
Land | Tyskland | ||
Produkt | traktor | ||
Nettstad | http://www.deutz-fahr.com/ |
Referansar
endreBakgrunnsstoff
endre Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Deutz-Fahr