Opna hovudmenyen

Dhofar (Ẓufār) guvernement (arabisk محافطة ظفار) er det største av elleve guvernement i sultanatet Oman etter areal. Det ligg sør i Oman, aust for Jemen. Regionen er heller fjellendt og dekkjer eit område på 99 300 km². Ved folketeljinga i 2010 hadde det rundt 250 000 innbyggjarar.[1] Den største byen og regionssenteret i guvernementet, er Salalah. Historisk sett var regionen den viktigaste kjelda til røykjelse i verda.

Dhofar guvernement
حافظة ظفار
guvernement
Koordinatar 18°00′N 54°00′E
Hovudstad Salalah
Areal 99 300 km²
Folketal 250 000 (2010)
Folketettleik 3 / km²
Leiar Mohammad bin Sultan Al-Busaidi
Postnummer 211
Tal på wilayat (distrikt) 10
Dhofar in Oman 2016.svg
Wikimedia Commons: Dhofar
Nettstad: http://www.dm.gov.om

KlimaEndra

 
Under khareef (monsunen) får fjella kring Salalah mykje regn og tåke.
 
Arkeologar grev ut eit kompleks frå mellomsteinalderen i Dhofarfjella.

Dhofar har eit subtropisk klima. Dhofar og ein liten del av det nordlege Jemen er direkte utsett for den søraustlege monsunen frå midten av juni til midten av september.[2] Monsunen vert lokalt kalla khareef. Som følgje av dette er det frodig go grønt i monsuntida og ei stund etter, før vegetasjonen mistar fukta si. Regntida i Dhofar står i skarp kontrast til Rub' al Khali-ørkenen som ligg like i nærleiken. Salalah-sletta var ein gong godt oppdyrka med sofistikerte vatningssystem.

FørhistorieEndra

I Aybut Al Auwal i Wadi Aybut (vest i det sentrale Nejd) vart det i 2011 oppdaga mange steinreiskap som kom frå ein steinalderindustri kalla det seine nubiske komplekset. Tidlegare var denne berre kjend frå Nordaust-Afrika. Ved hjelp av optiske instrument har ein kunne estimere alderen til det arabiske nubiske komplekset til å vere 106 000 år gammal. Dette syner at det var eit mellomsteinaldermiljø sør i Arabia.[3][4]

HistorieEndra

Før det omanske styret var delar av Dhofar ein del av Kathiri sultanat og seinare var det stort sett kontrollvert av stammene Al-Hakli (Qara), som gav namn til Qarafjella. Ein trur at Al-Shahri var dei opphavlege innbyggjarane i Dhofar.

Dhofar var ein storeksportør av røykjelse i oldtida, og noko vart frakta så langt som til Kina.[5]

Under fyrste verdskrigen var området frodig nok til å produsere mat og korn til å forsyne ein stor del av den britiske hæren som kjempa i Mesopotamia.

I 1965 til 1975 pågjekk Dhofar-opprøret mellom styrkane til sultanen av Oman og geriljasoldatane til den marxistiske Folkefronten for frigjeringa av Oman og Persiabukta (PFLOAG), som fekk støtte av det kommunistiske Sør-Jemen. Målet var å avsetje sultanen. Styrkane til sultanen fekk støtte av Storbritannia, Iran, og lånte offiserar og legar frå Pakistan og India,[6]. Dei stod i mot opprøret, som vart erklært over i desemerb 1975.

Hos mormonarane er Dhofar den mest populære, tradisjonelle staden til landet i Mormonarboka Bountiful, der den nomadiske familien Lehi segla eit skip bygd av sonen Nefi til Den nye verda.

ProvinsarEndra

Dhofar guvernement består av ti provinsar (wilayat), der Al-Mazyona er den siste som vart lagt til etter denne vart skild ut frå Rakhyut. Denne provinsen er kalla opp etter mora til sultan Qaboos bin Said, Maizoon bint Ahmed.

Dei ti provinsane i Dhofar er:

Sjå ògEndra

KjelderEndra

  1. Our Correspondent 9:34 am (June 12, 2011). «Oman's population is 2,773,479: Census». Muscat Daily. Arkivert frå originalen December 23, 2012. Henta October 19, 2012. 
  2. «World Weather Information Service - Salalah». Worldweather.wmo.int. October 5, 2006. Arkivert frå originalen July 22, 2014. Henta October 19, 2012. 
  3. The Nubian Complex of Dhofar, Oman: An Afrikan Middle steinalderen Industry in Sør-Arabia
  4. The Nubian Complex sør i Arabia, 106 thousand years ago
  5. Ralph Kauz (2010). Ralph Kauz, red. Aspects of the Maritime Silk Road: From Gulf of Persia to the East China Sea. Volume 10 of East Asian Economic and Socio-cultural Studies - East Asian Maritime History. Otto Harrassowitz Verlag. s. 130. ISBN 3-447-06103-0. Henta 3. juni 2016. 
  6. In the service of the Sultan - Ian Gardiner

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Dhofar guvernement