Diamond Jenness, CC FRCGS (10. februar 188629. november 1969) var ein av dei største tidlege forskarane i Canada,[1] og ein pioner innan kanadisk antropologi.

Diamond Jenness

Fødd10. februar 1886
Wellington
Død29. november 1969
Chelsea
NasjonalitetCanada, New Zealand
Yrkeantropolog, dagbokskrivar, fotograf
Alma materBalliol College
Victoria University of Wellington

Bakgrunn (1886–1910)

endre

Diamond Jenness var fødd i WellingtonNew Zealand som det nest yngste av ti barn i ein mellomklassefamilie. Far hans var urmakar og juveler, og installerte også fleire klokker i tårn i offentlege bygningar på New Zealand. Familien blei oppmuntra til å lesa og driva med musikk og idrett. Jenness lærte seg å overleva utandørs og skyta, kunnskap som kom til å hjelpa han i Arktis seinare i livet.[2]

Utdanning

endre

I tidleg alder viste Jenness evne til å læra. Han oppnådde sitt fyrste stipend då han var 12. På denne tida var vidaregåande utdanning berre tilgjengelege for barn frå velståande familiar på New Zealand, så stipendet gjorde det mogleg for Jenness å fullføra high school og tre års college. Han oppnådde seks prisar i det siste året av den vidaregåande utdanninga si: Matematikk, naturvitskap, latin, fransk og engelsk, og blei utrop til toppstudent. Han var elev ved Lower Hutt School og studerte så ved Wellington College.[3][4][5] Han og systera May var dei einaste av syskenflokken som gjekk på college.[2]

Jenness gjekk ut frå University of New Zealand (frå colleget som då blei kalla Victoria University College) med ein B.A. i 1907 og ein M.A. i 1908. Han fekk first class honors for begge gradene. Så, som 22-åring, fekk han eit stipend som gjorde at han kunne halda fram studia ved Balliol College ved University of Oxford. Her tok han Diploma in Anthropology i 1910 og M.A. i 1916.

Karriere (1911–1948)

endre

Feltarbeid nord i D’Entrecasteaux

endre

Frå 1911 til 1912 studerte han som Oxford Scholar ei lite kjend folkegruppe frå D'Entrecasteaux-øyane aust i Papua Ny-Guinea.[2] Jenness skreiv om eitt møte:

They peered at me from out-of-the-way corners, or through the doors of their huts, always at a safe distance. Recalling a children’s [game] I had learned in one of the coast villages, I stooped down, tapped the ground with my fingers and chanted the refrain. The children drew nearer and nearer, and one or two with broad smiles began to imitate me. Then with a piece of string, I made some of their own cat’s cradle figures and held them out for their inspection. This turned the scale. Five minutes later a laughing crowd surrounded me…The natives could hardly believe that I was a white man, and kept asking my [guides] who I was, how I came to speak their language and where I had learned their game.[6]

Canadian Arctic Expedition

endre

I 1913 blei Jenness invitert til å vera med i den statleg støtta ekspedisjonen Canadian Arctic Expedition (CAE) som var leia av to polarutforskaraar, Vilhjalmur Stefansson og R.M. Anderson.[7] Han skulle vera ein av dei to antropologane på laget; den andre var Henri Beuchat.[8] I juni det året, etter å såvidt ha kome seg frå gulfeber han hadde fått på Ny-Guinea, gjekk Jenness ombord på kvalskipet «Karluk» i lag med 12 andre forskarar. Skipet gjekk opp kysten av British Columbia mot Nome i Alaska, der laget møtte Stefasson, som hadde kjøpt to skonnertar på 60 fot for å hjelpa ekspedisjonen. Dei tre fartøya fortseett så mot møtepunktet sitt, Herscheløya, like aust for munningen av Mackenzie-elva i Nordvestterritoria.[7]

Møtet fann aldri stad. 12. august sette «Karluk» seg fast i isen. Stefansson, sekretæren hans McConnell, Jenness, Wilkins (seinare sir Hubert Wilkins) og to lokalfolk la ut for å skaffa kjøt til mannskapet. Medan dei var i land dreiv «Karlak» vestover til Aust-Sibir-havet, der skipet til slutt blei knust i isen utanfor Vrangeløya.[8] Tretten av dei som var ombord døydde, mellom dei Henri Beuchat.[9]

Utan skip la jaktlaget ut til fots mot Barrow i Alaska (Utqiaġvik), 150 miles unna, der dei håpte dei kunne møta dei to andre ekspedisjonsfartøya, «Mary Sachs» og «Alaska».[8] I Barrow fekk dei vita at dei to skipa låg for anker i Camden Bay, og dei gjorde dette til vinterbase. Jenness blei verande vinteren over i Harrison Bay i Alaska, der han lærte det lokale språket og samla informasjon om lokale skikkkar og folkeminne. Året etter, i 1914, med hjelp frå tolken Patsy Klengenberg, som var son av ei inuittisk kvinne og handelsmannen Christian Klengenberg), byrja Jenness å studera inuinnaitfolk eller Copper Inuit, også kalla Blond Eskimos, i Coronation Gulf-området.[10] Denne folkegruppa hadde hatt særs lite kontakt med europearar, og Jenness, som no var den einaste antropologen i ekspedisjonen, fekk eineansvar for å dokumentera den innfødde levemåten i dette området.[7][8][9]

 
Hubert Wilkins sitt fotograf av Ikpukhuak og sjamankona hans Higalik

Jenness budde to år i lag med inuinnaitfolk. Han levde som adoptivson av jegeren Ikpukhuak og sjamankona hans Higalik (namnet tyder 'Ishus'). I denne tida jakta og reiste han i lag med familien, og delte både feiringar og svolt med dei.[8] Det å leva i lag med ein familie han studerte og dela dei daglege opplevingane deira var ei svært uvanleg føreteing for etnologar på denne tida.[7] Morrison skreiv i Arctic Hunters: The Inuit and Diamond Jenness at: «His goal was to understand the Copper Inuit on their own terms, not in relation to some preconceived ‘ladder of creation’ with Europeans perched firmly at the top.»[11]

Jenness skreiv om det fyrste året sitt med inuittane:

By Isolating myself among the Eskimos ... I had followed their wanderings day by day from autumn round to autumn.
I had observed their reactions to every season, the disbanding of the tribes and their reassembling, the migrations
from sea to land and from land to sea, the diversion from sealing to hunting, hunting to fishing, fishing to hunting,
and then to sealing again. All these changes caused by their economic environment I had seen and studied; now,
with a greater knowledge of the language, I could concentrate on other phases of their life and history.[12]

Opphavet til Copper Eskimos og koparkulturen deira

endre

I ein artikkel for Geographical Review fortalde Jenness korleis inuinnaitfolk (Copper Inuit) er meir nærskylde med folkegrupper i aust og søraust enn med vestlege kulturelle grupper. Han baserte denne konklusjonen på arkeologiske funn, materiale brukte til hus, våpen og reiskapar, kunst, tatoveringar, skikkar, religion og språklege mønster. Han nemnde også korleis dei døde blir behandla: om dei blir dekte av stein eller tre, utan nokre gjenstnadar som i vest, eller lagt ubeskytta på bakken med gjenstandar rundt seg som i aust: «laid out on the surface of the ground, unprotected but with replicas of their clothing and miniature implements placed beside them.»[13]

Jenness meinte at «Copper Eskimos» var i ein pseudo-metallalder, mellom stein- og jernalderen, fordi dei behandla kopar som ein meir formbar stein som dei hamra til reiskapar og våpen.[13]

Fyrste verdskrigen

endre

Dei vitskaplege medlemmane av Canadian Arctic Expedition fullførte oppdraget sitt og forlet nordområda i 1916. Jenness fekk eit kontor ved Victoria Museum of Ottawa og beden om å skriva ein rapport om funna sine. Etter seks månaders intenst arbeid med det innsamla materialet, notata og dei fyrste rapportane sine til styresmaktene, meldte Jenness, som var uroa over utviklinga i Europa, seg som soldat, og gjortde teneste i Frankrike og Belgia. Sidan han var nokså kortvaksen og spinkel blei han gjeven andre oppgåver enn direkte kamp.[14]

I desember, 1918 søkte og fekk Jenness om løyve til permisjon for å fullføra studierapporten sin om Papua i Oxford, som var blitt forseinka på grunn av arbeidet hans med CAE og deretter av krigstenesta. Medan han var i Oxford fekk han høyra at hans eining var ei av dei fyrste til å bli sende heim frå krigen. Jenness vendte tilbake til Ottawa i mars 1919, og gifta seg neste månad med Eileen Bleakney, som han var trulova med. Etter ei bryllaupsreise til New Zealand byrja Jenness å skriva rapportane sine om Arktis-ekspedisjonen. Han produserte åtte rapportar for styresmaktene på totalt 1368 sider.[15]

Eit og eit halvt år etter at han vende tilbake frå krigen fekk Jenness ei fast stilling ved Victoria Memorial Museum, etter å tidlegare ha hatt åremål på eitt år. Han fekk i oppdrag å studera ulike urfolk i Canada.[16]

Den fyrste gruppa han studerte var sarceefolk som budde på eit reservat i Calgary i Alberta. Dette var det fyrste møtet hans med dei forferdelege tilhøva kanadiske urfolk levde i på reservata.[17] Etter å ha vore hjå sarceefolket utførte Jenness feltarbeid med sekanifolk, beothukfolk (no utdøydde), ojibwafolk og salishfolk. Collins og Taylor har kalla Jenness sitt verk Indians of Canada som «the definitive work on the Canadian aborigines, dealing comprehensively with the ethnology and history of the Canadian Indians and Eskimos.»

Arkeologisk verksemd

endre

Sjølv om Jenness brukte det meste av tida si på å studera urfolk og utføra administrativt arbeid, kunne han også identifisera to viktge førhistoriske arktiske kulturar gjennom arkeologisk arbeid: Dorsetkulturen i Canada (i 1925)[18] og Thulekulturen (Old Bering Sea culture) i Alaska (i 1926).[19] Han er seinare blitt kalla «Father of Eskimo Archaeology.»[20] Desse funna var fundamentale i å forklara migrasjonsmønster. Synspunkta til Jenness blei sett på som «radikale» i samtida hans, men er blitt støtta av seinare forsking. Helmer har skrive: «These theories are now widely accepted, having been vindicated by carbon-14 dating and subsequent field research.»

I 1926 blei Jenness Chief Anthropologist i Canade etter dr. Edward Sapir, som Chief of Anthropology ved National Museum of Canada. Denne stillinga hadde han til han pensjonerte seg i 1948.

Andre verdskrigen

endre

I 1941 ønskte Jenness å bidra i krigsinnsatsen att. Han blei del av Royal Canadian Air Force, der han gjorde teneste til 1944 som sivil nestleiar for Special Intelligence. I 1944 blei han utnemnd til leiar for den nyleg etablerte Inter-Services Topographic Section (ISTS), den sivile delen av Canadian Department of National Defence (med mønster etter ein liknande britisk organisasjon, Inter-Services Topographic Department). Jenness fortsette i denne stillinga i 1947, då ISTS endra namn til Geographic Bureau og blei underlagd Department of Mines and Resources.[21]

Pensjonstid (1948–1969)

endre

Etter å ha pensjonert seg heldt Jenness fram med å reisa, forska og publisera.Han underviste også ved universitet, som University of British Columbia (1951) og McGill (1955), med kurst i arktisk etnologi og arkeologi.[22]

Frå 1949 og til han døydde i 1969 gav Jenness ut over to dusin verk, mellom dei monografan The Corn Goddess and other tales from Indian Canada (1956), Dawn in Arctic Alaska (1957), om året (1913 til 1914) han levde blant inupiatfolk nord i Alaska, The Economics of Cypress (1962), og fire rapportar om administrasjonen over eskimoar i Alaska, Canada, Labrador og på Greenland, med ein femte rapport som inneheldt analysar og oversyn over dei fire systema (gjevne ut mellom 1962 og 1968 av Arctic Institute of North America).[6] Då helsa hans blei svekka byrja han skriva memoara sine, eit prosjekt fullført av sonen hans, Stuart Edward Jenness, og gjeve ut i 2008 som Through Darkening Spectacles.[23]

Jenness gjekk inn i antropologien då fagfeltet var ungt, og hadde mogleik til å studera kulturar som hadde hatt lite eller inga erfaring med såkalla «kvite folk». Tidleg i karrieren tok han for seg tradisjonelle emne: Etnologi, lingvisitikk, fysiske (biologiske) studiar og arkeologi. Etterkvart som han merka nedgangen i moral, økonomi og helse blant urfolk i Canada, endra han fokus mot anvendt antropologi. Richling, som studerte verket til Jenness over to tiår, skreiv: «Jenness’s interest in Indian affairs deepened in the thirties out of concern for the worsening crisis among Native peoples wrought by the Depression and the effects of a long-outmoded government policy of ‘Bible and Plough’.»[24]

I 1947 vitna Jenness for ein parlamentskomite om synet sitt på behandlinga av urfolk.[25] Han la fram ein plan for å imøtegå det han kalla dei umoralske uforsvarlege sosiale og økonomiske tilhøva for urfolk. Planen hans bygde på New Zealand si tilnærming til innfødde sidan tidleg i 1860-åra, som etter hans syn var vellukka. «Because they are ‘free citizens’,» sa Jenness «Maori are neither segregated on reserves, nor subject to state-sanctioned institutional barriers limiting their participation in national life.»[26] Han peika på at maoriar var rekna som fullstendige og jambyrdige innbyggjarar, men også oppmuntra til å halda på sin eigen distinkte kulturelle identitet, verdiar og skikkar. Dei kunne gå på vanlege statlege skular og ha offentlege stillingar. Lokalsamfunna deira var i ferd med å bli hovudsakleg sjølvstyrande, styrt etter tradisjonelle reglar, men med tilgang til rettssystemet for å behandla konfliktar om land.[27]

Prisar og utmerkingar

endre

Diamond Jenness fekk fleire prisar og ærestilvisingar for bidraga til profesjonen sin. I 1953 blei han tildelt eit Guggenheim Fellowship.[28] I 1962 fekk han Massey-medaljen av Royal Canadian Geographical Society, og i 1968 blei han utnemnd til Companion of the Order of Canada, den høgaste ærestilvisinga i landet. Melom 1935 og 1968 blei han gjeven æresdoktorat frå University of New Zealand, Waterloo University, University of Saskatchewan, Carleton University og McGill University.[29] I 1973 utropte dei kanadiske styresmaktene han til Person of National Historic Significance.[30] Same året blei Diamond Jenness Secondary School i Hay River kalla opp etter han.[31] I 1978 blei den midtre halvøya på vestkysten av Kitlineq (Victoria Island) kalla opp etter han, og i 1998 blei han nemnd av Maclean's magazine som ein av dei 100 viktigaste kanadiarane gjennom tidene og den tredje av dei ti fremste kanadiske vitskapsfolka.[32] I 2004 blei namnet hans brukt for ein stein utforska av Mars-roveren Opportunity.[33]

Biografiar

endre

Nansi Swayze skreiv ein kort omtale av livet til Jenness i The Man Hunters (1960).

The Canadian Museum of Civilization gav ut Through Darkening Spectacles: Memoirs of Diamond Jenness (2008). Dette er ei forteljing skriven hovudsakleg av Diamond sjølv, med tillegg av sonen hans Stuart Jenness.

Sidan 1989 har Barnett Richling gjeve ut fleire artiklar om ulike sider av livet til Jenness og ein grundig, komplett biografi om det profesjonelle livet hans: In Twilight and in Dawn: A Biography of Diamond Jenness gjeven ut i 2012 av McGill-Queen's University Press.

Kjelder

endre
  1. Granatstein, J., 1998. "Sir William Logan", Maclean's magazine, vol. 111, no. 26, (July 1), pp. 38–40.
  2. 2,0 2,1 2,2 Richling, Barnett (2012). In Twilight and in Dawn: A Biography of Diamond Jenness (Volume 67) (McGill-Queen's Indigenous and Northern Studies) (på engelsk). Montreal, Quebec: McGill-Queen's University Press. s. 8–11. ISBN 978-0773539815. 
  3. «Junior scholarships». Papers Past. 1898. 
  4. «Junior scholarships». Papers Past. 1904. 
  5. «December Examinations». Papers Past. 1904. 
  6. 6,0 6,1 Jenness, Diamond and Stuart E. Jenness, 2008. "Through Darkening Spectacles: Memoirs of Diamond Jenness" Mercury Series, History Paper 55, Gatineau, QC: Canadian Museum of Civilization, p.33
  7. 7,0 7,1 7,2 7,3 Collins, Henry B. & Taylor, William E. Jr. "Diamond Jenness (1886–1969)".
  8. 8,0 8,1 8,2 8,3 8,4 Helmer, James. "Arctic Profiles". Department of Archaeology. Calgary, Canada.
  9. 9,0 9,1 Natural Resources Canada. Diamond Jenness profile Arkivert 2013-12-03 ved Wayback Machine., nrcan.gc.ca; accessed February 3, 2018.
  10. Canadian Museum of History, "The People of the CAE"
  11. Morrison, David “Arctic Hunters: The Inuit and Diamond Jenness”, 1992, Canadian Museum of Civilization, pp. 14-15
  12. Jenness, Diamond “The People of the Twilight”, 1928f, p. 191
  13. 13,0 13,1 Jenness, Diamond. "Origin of Copper Eskimos and Their Copper Culture." Geographical Review. 13(4): 540–551.
  14. Jenness, Diamond and Stuart E. Jenness, 2008. "Through Darkening Spectacles: Memoirs of Diamond Jenness" Mercury Series, History Paper 55, Gatineau, QC: Canadian Museum of Civilization, pp. 67-68.
  15. Jenness, Diamond and Stuart E. Jenness, 2008. "Through Darkening Spectacles: Memoirs of Diamond Jenness" Mercury Series, History Paper 55, Gatineau, QC: Canadian Museum of Civilization, p. 76-77
  16. Jenness, Diamond and Stuart E. Jenness, 2008. "Through Darkening Spectacles: Memoirs of Diamond Jenness" Mercury Series, History Paper 55, Gatineau, QC: Canadian Museum of Civilization, p. 78
  17. Richling, Barnett (2012). In Twilight and in Dawn: A Biography of Diamond Jenness (Volume 67) (McGill-Queen's Indigenous and Northern Studies). Montreal, Quebec: McGill-Queen's University Press. p.163 ISBN 978-0773539815.
  18. Jenness, D., 1925. "A new Eskimo culture in Hudson Bay". Geographical Review, vol. 15, no. 3, pp. 428–437.
  19. Jenness, D., 1928. "Archaeological investigations in Bering Strait, 1926". National Museum of Canada Bulletin no. 50, pp. 71–80.
  20. Collins, Henry B., 1967. "Diamond Jenness: Arctic Archaeology". The Beaver, Autumn, pp. 78–79.
  21. Jenness, Diamond and Stuart E. Jenness, 2008. "Through Darkening Spectacles: Memoirs of Diamond Jenness" Mercury Series, History Paper 55, Gatineau, QC: Canadian Museum of Civilization, pp. 193-202.
  22. Jenness, Diamond and Stuart E. Jenness, 2008. "Through Darkening Spectacles: Memoirs of Diamond Jenness" Mercury Series, History Paper 55, Gatineau, QC: Canadian Museum of Civilization, p.
  23. Richling, Barnett (2012). In Twilight and in Dawn: A Biography of Diamond Jenness (Volume 67) (McGill-Queen's Indigenous and Northern Studies). Montreal, Quebec: McGill-Queen's University Press. p. 303 ISBN 978-0773539815.
  24. Richling, Barnett. "Diamond Jenness and ‘useful anthropology’ in Canada 1930-1950." The Journal of New Zealand Studies, Vol. 2, No. 1 (1991)
  25. Richling, Barnett (2012). In Twilight and in Dawn: A Biography of Diamond Jenness (Volume 67) (McGill-Queen's Indigenous and Northern Studies). Montreal, Quebec: McGill-Queen's University Press. pp. 291. ISBN 978-0773539815.
  26. Canada, Parliament, Special Joint Committee of the Senate and House of Commons, vol. 1. Ottawa: King’s Printer 1947, p. 307
  27. Richling, Barnett (2012). In Twilight and in Dawn: A Biography of Diamond Jenness (Volume 67) (McGill-Queen's Indigenous and Northern Studies). Montreal, Quebec: McGill-Queen's University Press. pp. 293. ISBN 978-0773539815.
  28. Jenness, Diamond and Stuart E. Jenness, 2008. "Through Darkening Spectacles: Memoirs of Diamond Jenness" Mercury Series, History Paper 55, Gatineau, QC: Canadian Museum of Civilization, p.348.
  29. de Laguna, Frederica. "Diamond Jenness, C. C. 1886-1969". American Anthropologist (New Series), v 73, February, 1971.
  30. Jenness, Diamond National Historic Person, arkivert frå originalen 4. mars 2016, henta 16. november 2022 
  31. Jenness, Diamond and Stuart E. Jenness, 2008. "Through Darkening Spectacles: Memoirs of Diamond Jenness" Mercury Series, History Paper 55, Gatineau, QC: Canadian Museum of Civilization, p.350.
  32. Granatstein, Jack (1998) Maclean’s magazine, vol 111, no. 26 (July 1), p.39
  33. Boswell, Randy (2004) Ottawa man "astounded" to learn NASA names Mars rock after father. Ottawa Citizen, September 22, 2004, pp. A1, A11.

Bakgrunnsstoff

endre
Litteratur
  • Arctic Odyssey: Diary of Diamond Jenness, 1913–1916 Jenness' detailed diary while he was with the Canadian Arctic Expedition. It was edited by his son Stuart and published in 1991.
  • Through Darkening Spectacles: Memoirs of Diamond Jenness (2008). In this book, Stuart Jenness completed Jenness' last manuscript, creating a hybrid auto-biography and biography.
  • In Twilight and in Dawn: A Biography of Diamond Jenness (Volume 67, McGill-Queens Indigenous and Northern Studies, 2012); by Barnett Richling.
  • Life Beside Itself: Imagining Care in the Canadian Arctic, by Lisa Stevenson. In this book (2014:115-121), Stevenson critiques Jenness for his advocacy for and participation in state-sponsored assimilationist policies.