Opna hovudmenyen

Diane Julie Abbott (fødd 27. september 1953) er eit britisk parlamentsmedlem for Det britiske arbeidarpartiet (Labour). Ho blei valt inn som parlementsmedlem for valkrinsen Hackney North and Stoke Newington i 1987, og blei med det den første kvinna av afrikansk opphav (black på britisk engelsk) i det britiske underhuset.[1]

Diane Abbott
Diane Abbot Corbyn leadership rally August 2016.jpg
Fødd 27. september 1953

Paddington

Parti Labour
1. verv Parlamentsmedlem
for Hackney North and Stoke Newington
 - periode 11. juni 1987-
 - føregangar Ernie Roberts
2. verv Skuggeminister for helse
 - periode 9. oktober 2010-8. oktober 2013
 - etterfylgjar Luciana Berger
4. verv Skuggeminister for utviklingshjelp
 - periode 13. september 2015-27. juni 2016
 - etterfylgjar Kate Osamor
5. verv Skuggeminister for helse
 - periode 27. juni 2016–6. oktober 2016
6. verv Skugge-innanriksminister
 - periode 6. oktober 2016-
Ektefelle Richard Thompson (1991–1993)
Barn 1 son

Innhaldsliste

BakgrunnEndra

Abbott blei fødd i London av foreldre frå Jamaica. Far hennar var sveisar og mor hennar var sjukepleiar.[2] Ho studerte historie ved Newnham College i Cambridge,[3] med historikaren Simon Schama som rettleiar.[4]

YrkeslivEndra

Etter universitetet arbeidde ho ved det britiske innanriksdepartementet (Home Office) frå 1976 til 1978) og deretter for interesseorganisasjonen National Council for Civil Liberties frå 1978 til 1980.[5] Frå 1980 til 1983 arbeidde ho som journalist ved Thames Television og frå 1983 til 1985 ved frukost-tv-selskapet TV-am. Ho arbeidde for pressekontoret til Greater London Council under Ken Livingstone frå 1985 til 1986 og var leiar for presse- og PR-kontoret til Lambeth Council i London frå 1986 til 1987.[5]

PolitikkEndra

Abbott blei vald inn i byrådet for Westminster i 1982, der ho sat fram til 1986. I 1985 prøvde ho å stilla som parlamentskandidat for Labour i Brent East, men Ken Livingstone blei nominert.[6] I 1987 blei ho vald inn i underhuset for Hackney North & Stoke Newington. Ho var den første kvinna av afro-karibisk opphav til å bli vald inn i underhuset.[7] Ho blei vald inn att i mai 2010 med stort fleirtal og auka valdeltaking.[8] I 2015 blei ho igjen gjenvald med 62 % av røystene.[9]

Diane Abbott har skild seg ut frå ein del av politikken til partiet sitt. Ho røysta imot Irak-krigen[10] og har kjempa imot nasjonale ID-kort og fortsetjinga av det britiske kjernevåpenprogrammet (Trident).[11][12]

I 2015 var ho ein av 36 parlamentsmedlemmer for Labour som nominerte Jeremy Corbyn til ny leiar for partiet.[13] Etter at Corbyn blei vald til partileiar blei Abbott utnemnd til skuggeminister for utviklingshjelp (International Development).[14] Etter at fleire skuggeministerar trekte seg frå stillingane sine i samband med ein ny partileiarkampanje, blei Abbott forfremja til skuggeminister for helse att i juni 2016.[15] I oktober same året blei ho utnemnd til skugge-innanriksminister.[16]

Abbott heldt ein parlamentstale om borgarrettar i debatten om Counter-Terrorism Bill 2008[17] som blei utnemnd til «Parliamentary Speech of the Year» av tidsskriftet The Spectator.[18][19] Ho blei også rost ved Human Rights awards i 2008.[20]

KjelderEndra

  1. «Desert Island Discs featuring Diane Abbott». Desert Island Discs. BBC. Radio 4. 18 May 2008. http://www.bbc.co.uk/programmes/b04vkhjc
  2. Appiah, Kwame Anthony; Henry Louis Gates, Jr., red. (1999). Africana: The Encyclopedia of the African and African American Experience. Basic Civitas Books. ISBN 0-465-00071-1. Henta 31 July 2013. 
  3. «UK | Magazine | Faces of the week». BBC News. 7 November 2003. Henta 5 January 2012. 
  4. «Simon Schama on the American right». BBC News. 21 August 2008. Henta 27 March 2010. 
  5. 5,0 5,1 «Vote 2001: Candidates: Diane Abbott». BBC. 2001. Henta 21 May 2010. 
  6. Seumas Milne, «From the archive, 29 April 1985: Ken Livingstone wins fight for Brent East nomination», The Guardian, 29 April 2015.
  7. Huma Qureshi «Diane Abbott: 'You can't let racism hold you back'», The Guardian, 20 September 2012.
  8. «Diane Abbott wins Hackney North and Stoke Newington with massive majority». Myhackney.co.uk. 7 May 2010. Henta 5 January 2012. 
  9. «Ms Diane Abbott MP». UK Parliament. Henta 6 June 2015. 
  10. Naomi O'Leary, «Diane Abbott – ‘Cambridge was the making of me’», The Cambridge Student, 1 May 2012.
  11. Riddell, Mary (16 June 2010), «Diane Abbott: 'It's very lonely being a single mother'», The Daily Telegraph (London) 
  12. «Profile: Diane Abbott». BBC News. 9 June 2010. 
  13. «Who nominated who for the 2015 Labour leadership election?» New Statesman, 15 June 2015.
  14. «Shadow Cabinet: Who's In And Who's Out?». Sky News. 14 September 2015. Henta 14 September 2015. 
  15. Jamie Grierson and Anushka Asthana (27 June 2016). «Jeremy Corbyn unveils new shadow cabinet after raft of resignations». The Guardian. 
  16. «Labour reshuffle: Diane Abbott made shadow home secretary», BBC News, 7. oktober 2016 
  17. Department of the Official Report (Hansard), House of Commons, Westminster (11 June 2008). «Hansard 11 June 2008 col 379». Publications.parliament.uk. Henta 20 May 2010. 
  18. «Parliamentarian of the Year Awards Recipients 2008». The Spectator. 20 November 2008. Henta 13 January 2009. 
  19. «Parliamentarian of the Year Awards Recipients 2008». The Spectator. 
  20. «The Law Society». The Law Society. 9 December 2008. Arkivert frå originalen 27 September 2011. Henta 5 January 2012.