Didrik Müller Ellefsen

Didrik Müller Ellefsen (fødd 1952) er ein norsk, tidlegare skihoppar som tevla for Idrettsforeningen Ready i Oslo. Han deltok i den tysk-austerrikske hoppveka 1970/71, der han enda på 12. plass samanlagt. I 1974 vann han bronsemedaljen under noregsmeisterskapen i normal bakke, bak Johan Sætre og Odd Grette.

Didrik Müller Ellefsen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 1. januar 1952
Idrett skihopping

Besteplasseringar i internasjonale rennEndra

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskapEndra

  • 1969: Nr 12 i normalbakken på Raufoss
  • 1970: Nr 6 i normalbakken i Trondheim
  • 1971: Nr 8 i normalbakken i Rælingen
  • 1972: Nr 9 i storbakken på Odnes
  • 1974: Bronsemedalje i normalbakken i Trondheim
  • 1976: Nr 8 i normalbakken i Fåvang
  • 1977: Nr 6 i begge bakkane, Vang og Odnes

KjeldeEndra

  • Sportsboken, aktuelle årgangar