Die Presse er ei austerriksk dagsavis basert i Wien. Den vart grunnlagd i 1946 av motstandsmannen Ernst Molden, og følgjer i same spor som dei nedlagde avisene Die Presse (1848-1896) og Neue Freie Presse (1864-1938). Avisa dekker generelle nyhende. Den blir ofte sitert i internasjonale media om nyhende i Austerrike. Die Presse er den fremste austerrikske dagsavisa, men ikkje den største, med omtrent 350 000 lesarar. Sidan 15. mars 2009 har også ein vekentleg utgåve blitt gitt ut, under namnet Die Presse am Sonntag.[1]

Die Presse

TypeDagsavis
FormatFullformat
Grunnlagd1946
EigararDr. Horst Pirker
UtgjevarStyria Medien AG
Redaktør(ar)Michael Fleischhacker
SpråkTysk
Politisk posisjonSentrum-høgre og liberal
HovudkvarterParkring 12 A
1015 Wien
Nettstaddiepresse.com

Avisa hadde lenge store finansieringsproblem, men dette endra seg på 1960-talet då det austerrikske handelskammeret blei ein av dei største aksjehaldarane. Sidan 1999 har eigar av avisa vore Styria Median AG, ei konservativ mediegruppe som blei grunnlagd av den katolske kyrkja.

Den politiske posisjonen til avisa kan beskrivast som klassisk liberalisme, med hovudfokus på fri marknadsøkonomi og liten påverknad frå staten, noko som går mot det meir tradisjonelle austerrikske synet med storkoalisjon og neokorporativisme tendensar. Avisa fungerer derfor som ein kontrast til andre austerrikske kvalitetsaviser, inkludert den meir konservative Wiener Zeitung og den venstrevendte avisa Der Standard. Det blir sett fokus på revolusjonane i 1848, då den fyrste versjonen av avisa blei utgitt. Slagordet til avisa er «fri sidan 1848»[treng kjelde].

Kjelder endre

Fotnotar
  1. «Der Sonntag hat eine neue Qualität "Die Presse am Sonntag" «». Diepresse.com. 31. mars 2010. Henta 13. august 2011. 

Bakgrunnsstoff endre