Forvandlinga

(Omdirigert frå Die Verwandlung)

Forvandlinga (tysk originaltittel Die Verwandlung) er ei lang novelle (eller kort roman) skriven av den tyskspråklege, jødiske forfattaren Franz Kafka (1883–1924). Forteljinga handlar om den handelsreisande Gregor Samsa, som en morgen innser at han har blitt forvandla til et kjempestort insekt (på tysk Ungeziefer, «skadedyr»). Sidan Gregor ikkje lenger kan arbeide og sørgje for pengar til familien – faren, mora og søstera Grete, og sidan han stadig oppfører seg meir som eit insekt, blir etter kvart neglisjert og forhatt, og sperra inne på rommet sitt, der han til sist dør.

Forvandlinga
Die Verwandlung

Forfattar(ar)Franz Kafka
Språktysk
Blei til17. november 1912
Sjangerkortroman
Utgjevenoktober 1915, 1915

Forteljinga vart utgitt første gang i 1915. Boka er i dag rekna som ein klassikar i europeisk litteratur, og ho er kommen i mange utgåver og omsetjingar. Forteljinga er også om omarbeidd til film og teater.

Den symboltunge historia om Gregor Samsa er blitt tolka på mange vis, også sjølvbiografisk. Novella handlar om både skam og hemmeleghald, det å vere annleis eller normal, menneskeverd og menneskelege relasjonar, brutalitet, einsemd, egoisme og framandfrykt.

Boka vart i 2016 gitt ut på nynorsk, omsett av Jon Fosse.

Spire Denne litteraturartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.