Diego Simeone

argentinsk fotballmanager og fotballspelar

Diego Pablo Simeone González (fødd 28. april 1970 i Buenos Aires) er ein argentinsk fotballspelar og noverande trenar som spelte defensiv midtbane for ein rekke europeiske klubbar gjennom sin karriere. Han spelte òg ved fleire tilfeller for det argentinske landslaget, og er med sine 106 kampar ein av dei med flest landskampar for landet. Etter at hans aktive karriere slutta i 2006 gjekk Simeone inn i trenaryrket, fyrst i heimlandet og deretter i Europa. Han er noverande trenar for Atlético Madrid sidan 2012. Hans son Giovanni Simeone spelar for ACF Fiorentina.

Diego Simeone
Diego Simeone - 01.jpg
Personleg informasjon
Fullt namn Diego Pablo Simeone González
Kallenamn El Cholo
Fødd 28. april 1970 (50 år)
Fødestad Buenos Aires i Argentina
Høgd 177 cm
Posisjon Midtbanespelar
Klubbinformasjon
Noverande lag
Atlético Madrid (trenar)
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1987–1990
1990–1992
1992–1994
1994–1997
1997–1999
1999–2003
2003–2005
2005-2006
Vélez Sarsfield
Pisa
Sevilla
Atlético Madrid
Inter
Lazio
Atlético Madrid
Racing
76 (14)
55 (8)
64 (12)
98 (21)
57 (11)
90 (15)
36 (2)
37 (3)
1987–2006 Totalt 514 (84)
Landslag
1988–2002 Argentina 106 (11)
Trenar for
2006
2006–2007
2008
2009–2010
2011
2011–2012
2012–
Racing
Estudiantes
River Plate
San Lorenzo
Catania
Racing
Atlético Madrid
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 8. januar 2013
‡ Landslagsmål oppdatert 8. januar 2013

KlubbspelEndra

Simeone byrja si spelarkarriere i heimbyen Buenos Aires for Vélez Sársfield i 1987. Etter å ha spela over 75 kampar og skåra 14 mål fordelt over tre år dro han over til Europa. I 1990 vart han henta til den italienske klubben Pisa av den dåværande rumenske manageren Mircea Lucescu. Her spelte han 55 seriekampar og skåra seks mål fordelt over to sesonger. I 1992 dro Simeone vidare til Spania og Sevilla FC, hvor han spelte 64 seriekampar og skåra 5 mål fordelt over to sesongar, dog utan å vinne noko for klubben. I 1994 melde han overgang til Atlético Madrid, kor han fekk sitt definitive gjennombrott. Fast etablert på fyrstelaget, var han med om å vinne både Primera División og Copa del Rey i 1995/96-sesongen. Etter å ha spelt i underkant av 100 seriekampar og notert seg for 21 mål vende han i 1997 tilbake til Serie A, denne gongen til storklubben Inter. Her vart han lagkamerat med landslagskollega Javier Zanetti og var med om å vinne UEFA-cupen 1997/98. I 1999 vart Simeone kjøpt opp av SS Lazio, som var klubben Inter slo ut i finalen av UEFA-cupen året føre. Klubben var då leia av Sven-Göran Eriksson, og Simeone inngikk eit større argentinsk innslag med spelarar som bestod av Roberto Sensini, Matias Almeyda, Hernán Crespo og [[Juan Sebastián Verón. I 1998/99 sesongen hadde Lazio verte ganske nære å ta Scudetto, og i han fyrste sesong for klubben vann Lazio seriemeisterskapet med eit poeng føre Juventus. Sesongen vart krona finalesiger både i Coppa Italia, og med finalesiger i Supercoppa samt UEFA Super Cup i 1999 i begynnelsen av den påføljande sesongen. I 2003 melde han overgang tilbake til Atlético Madrid, hvor han spelte to sesongar men utan å vinne noken titlar. Etter to sesongar gjekk turen attende til heimlandet, hvor han i 2005-2006 sesongen spelte 37 kampar for Racing Club Avellaneda føre han bestemte seg for å avslutte karrieren.

LandslagsspelEndra

Simeone fekk sin landslagsdebut den 14. juli 1988 i ein privatkamp mot Australia som Argentina tapte 4-1. Han deltok i den argentinske troppen som vann Copa América i både 1991 og 1993, i tillegg til Confederations Cup i 1992. I 1996 var han med i den argentinske troppen under Sommar-OL i Atlanta som tapte finalen mot Nigeria. Han var òg med i den argentinske troppen i tre verdsmeisterskap, under VM i fotball 1994, VM i fotball 1998 og VM i fotball 2002. Under VM i 1998 kom i medias søkjelys då Englands David Beckham vart utvist for å ha sparka Simeone i vrede etter ei takling av sistnemnde. Simeone erkjende seinare at han overspelte frå Beckham sitt hemnspark for å få han utvist. I den påfølgjande kampen mot Nederland vart Simeone skada etter ein takling frå Arthur Numan. Totalt fekk han 106 landskampar, og han har pr 2013 tredje flest kampar etter Javier Zanetti og Roberto Ayala.

TrenarkarriereEndra

Simeone byrja si trenarkarriere i februar 2006, då han tok over managerrolla hos sin siste arbeidsgjevar Racing Club de Avellaneda. Etter at klubben gjekk gjennom eit eigarskifte i mai same året tok han over ansvaret hos Estudiantes, hvor han leia klubben til sitt fyrste ligameisterskap på 23 år. Den 15. desember 2007 vart Simeone presentert som ny trenar for storklubben River Plate, hvor han tok over etter den tidlegare storspelaren Daniel Passarella. Her vann han nok ein gong seriemeisterskapen i 2008. I november 2008 melde han avskjed som manager etter at klubben rauk ut av kvartfinalen i Copa Sudamericana. Den 15. april 2009 tok han over managerstolen i San Lorenzo etter foregjangaren Miguel Russo, men fekk sparken etter nøyaktig eit år seinare grunna manglande sportslege resultat. Deretter fylgde eit friår. Føre han i januar 2011 tok over ansvaret hos den italienske klubben Catania på Sicilia, som han redda frå nedrykk før han forlèt klubben i mai same året. I juni 2011 tok han på ny over managerrollen i Racing Club de Avellaneda, føre han i desember same året vart presentert som den nye trenaren i Atlético Madrid etter Grégorio Manzano. Hans fyrste siger med klubben kom i mai 2012 då klubben vann Europaligaen. I august same året fylgjde han opp med å leia laget til siger i UEFA Super Cup då dei slo Chelsea med 2-1.

 MerittarEndra

  • Spansk seriemeister: 1996 med Atlético de Madrid
  • Spansk cupmeister: 1996 med Atlético de Madrid
  • Italiensk seriemeister: 1999 med Lazio
  • Italiensk cupmeister: 1999 med Lazio
  • Supercoppa-vinnar: 2000 med Lazio
  • UEFA Super Cup-vinnar: 1999 med Lazio
  • Vinnar av UEFA-cupen: 1998 med Inter
  • Vinnar av Copa América med Argentina: i 1991 og 1993
  • Vinnar av Confederations Cup: 1992 med Argentina
  • Tapande OL-finalist 1996: med Argentina
  • 106 landskampar og 11 mål for Argentina

KjelderEndra