Roberto Ayala
Roberto Fabián Ayala (fødd 14. april 1974 i Paraná) er ein argentinsk tidlegare fotballspelar, særleg kjend som midtstoppar for den spanske klubben Valencia CF.
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fullt namn | Roberto Fabián Ayala | ||
Fødd | 14. april 1973 (51 år) | ||
Fødestad | Paraná i Argentina | ||
Høgd | 175 cm | ||
Posisjon | Midtback | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar (Mål) | |
1991–1994 1994–1995 1995–1998 1998–2000 2000–2007 2007 2007–2010 2010–2011 |
Ferro Carril Oeste River Plate Napoli Milan Valencia Villarreal Real Zaragoza Racing Club |
72 (1) 40 (0) 87 (1) 24 (0) 188 (9) 8 (0) 72 (4) 26 (0) | |
Landslag | |||
1994–2007 | Argentina | 115 (7) | |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga |
Ayala spelte i 1994-95 for River Plate i heimlandet. Deretter vart han overført til Napoli, i 1998 gjekk ferda vidare til Milan, der han vart verande i to sesongar. Frå 2000 til 2007 hadde han kontrakt med Valencia FC til finalen i meisterligaen i 2001, der det spanske laget tapte for Bayern München på straffesparktevling. Året etter gjekk Valencia til topps i La Liga, ein prestasjon laget gjentok i 2003. Same våren 2004 sigra Valencia og Ayala også i UEFA-cupen. Ayala gjorde teneste 2007-10 i Real Zaragoza, før han avslutta med ein sesong i Racing Club i Aregentina.
Ayala spelte på Argentina sitt landslag under Sommar-OL 1996 i Atlanta i 1996, der laget fekk sølv. Han spelte òg VM 1998, heile VM 2002 måtte han slite reservebenken. Ayala spelte under VM 2006 i Tyskland.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «:Roberto Ayala» frå Wikipedia på bokmål, den 20. april 2020.
- National-football-teams[daud lenkje]