Dilmun (akkadisk Tilmun, gresk Týlós) er det sumeriske namnet på eit myteomspunne land som låg ved Persiabukta i Arabia, på handelsruta mellom Mesopotamia og Indusdalkulturen.[1][2] Dilmun er nemnd frå og med 2000-talet fvt.[3][4] Det omfatta dagens Bahrain, Kuwait,[5] Qatar og dei austre delane av Saudi-Arabia.[6]

Utanlandske område for mesopotamiarane, mellom anna Elam, Magan, Dilmun, Marhashi og Meluhha.

I sumerisk mytologi var det ein heilag stad i den austlege ytterkanten av verda og heimstaden til den vise Utnapishtim, som ifølgje segnene var om lag like gammal som Metusjalah. Staden er skildra i Gilgamesjeposet på leirtavla som er graven ut frå biblioteket etter assyrarkongen Asurbanipal (688–ca. 527 f. Kr.) i Ninive. Omsetjinga frå kileskrift skildrar staden: «Der (i Dilmun) drep inga løve, røvar ingen ulv lam, der jammerar ingen sjuke, dei er sjuke, eller eit gammalt menneske, det er gammalt. Dilmun er eit signa land.»

Den sumeriske soga om paradishagen Dilmun kan ha vore ein inspirasjon for soga om Edens hage.[7][8][9]

I bronsealderen voks Bahrain til eit betydeleg handelssentrum mellom rika rundt Indus og den fruktbare halvmånen.[10] Ein grunn var at der var tilgjang til ferskvatn frå artesiske brønnar.[11]

Akkadarkongen Sargon og Elam-riket hadde tette band.

Arkeologar var lenge usikre på om dei spora som fanst av tidlegare kulturar var frå det historiske Dilmun. Den danske arkeologen P.V. Glob var i si tid med på utgravingane og følte seg rimeleg sikker på at det dei fann i Bahrain stamma frå denne kulturen.

ReferansarEndra

  1. Jesper Eidema, Flemming Højlund (1993). «Trade or diplomacy? Assyria and Dilmun in the eighteenth century BC». World Archaeology 24 (3): 441–448. doi:10.1080/00438243.1993.9980218. 
  2. «Dilmun and Its Gulf Neighbors». Harriet E. W. Crawford. 1998. s. 9. 
  3. Smith, Sylvia (21. mai 2013). «Bahrain digs unveil one of oldest civilizations». BBC News (BBC). 
  4. «Qal'at al-Bahrain – Ancient Harbour and Capital of Dilmun». UNESCO. Henta 17 August 2011. 
  5. «The Invention of Cuneiform: Writing in Sumer». Jean-Jacques Glassner. 1990. s. 7. 
  6. «Prehistory and Protohistory of the Arabian Peninsula: Bahrain». M. A. Nayeem. 1990. s. 32. 
  7. Edward Conklin. Getting Back Into the Garden of Eden. s. 10. 
  8. Kramer, Samuel Noah (1961). Sumerian Mythology: A Study of Spiritual and Literary Achievement in the Third Millennium B.C.: Revised Edition. Philadelphia, Pennsylvania: University of Pennsylvania Press. s. 54–59. ISBN 978-0-8122-1047-7. Henta 21 May 2017. 
  9. Kramer, Samuel Noah (1963). The Sumerians: Their History, Culture, and Character. Chicago, Illinois: University of Chicago Press. s. 145–150. ISBN 978-0-226-45238-8. In fact, there is some reason to believe that the very idea of a paradise, a garden of the gods, originated with the Sumerians. 
  10. «Dilmun». Encyclopædia Britannica. 
  11. Spektrum der Wissenschaft, Juni 2008, S.62-69, Die artesischen Quellen von Dilmun