Dina Rubina

Dina Iljinitsjna Rubina (fødd 19. september 1953) er ein russisk-israelsk forfattar. Rubina er busett i Israel, men skriv på russisk.

Dina Rubina
Rubina, Dina.IMG 0212.JPG
Fødenamn Дина Ильинична Рубина; hebraisk דינה רובינה)
Fødd 19. september 1953 (68 år)
Tasjkent
Yrke forfattar, skribent, manusforfattar, redaktør
Språk russisk
Sjanger prosa
Dina Rubina på Commons

Det best kjende verket hennar er Dvojnaja familija (Двойная фамилия, 'Dobbelt etternamn'), som er blitt filmatisert av den russiske tv-kanalen Kanal ein.

LivEndra

Dina Rubina blei fødd i Tasjkent i noverande Usbekistan. Ho studerte musikk ved Konservatoriet i Tasjkent. Seksten år gammal publiserte ho den fyrste fortelinga si i Junost. På midten av 1980-talet, etter å ha skrive for scene og film i fleire år, flytta ho til Moskva. I 1990 utvandra ho til Israel.[1]

I 2007 vann Rubina den russiske litteraturprisen Den store boka.[2]

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedium som gjeld: Dina Rubina