Dion Cooper

nederlandsk songar og låtskrivar

Dion Cuiper (fødd 29. november 1993 i Wassenaar), kjend under artistnamnet Dion Cooper, er ein nederlandsk songar og låtskrivar.[1] Han deltok i den sjette sesongen av talentprogrammet The Voice of Holland i 2015, og han representerte Nederland i Eurovision Song Contest 2023 saman med Mia Nicolai og låten «Burning Daylight».

Dion Cooper

Fødd29. november 1993 (30 år)
AliasDion Cooper
OpphavKongeriket Nederlanda
Aktiv2015–
Instrumentgitar
Verka somsongar

Bakgrunn endre

Cuiper blei fødd i 1993 og vaks opp i kystbyen Wassenaar, like nord for Haag. Faren var trommeslagar i eit funkband og introduserte sonen tidleg for ulike musikksjangrar og artistar som Toto, The Police, The Beatles og Jimi Hendrix.[2][3] Gjennom faren utvikla Cuiper ein stor interesse for musikk, og han byrja å spele gitar som femtenåring.[3] Dei påfølgjande åra byrja Cuiper å skrive eigen musikk, og han starta som 18-åring å synge sjølv.[3][4]

I 2015 stilte Cuiper til prøvesynging i den sjette sesongen av talentshowet The Voice of Holland på tv-kanalen RTL 4. Han gjekk vidare til hovudrunden med den nederlandsk-marokkanske rapparen Ali B som mentor, men blei slegen ut i utslagsrundane før liveshow-sendingane.[5]

Cuiper debuterte musikalsk med EP-en Too Young too Dumb i 2021, etterfølgd av singelen «Fire» som han framførte saman med artisten Maxine. Hausten 2022 slapp han singelen «Blue Jeans», som han skreiv saman med samarbeidspartnaren og Eurovision-vinnaren Duncan Laurence. Året før hadde Cuiper vore støttemusikar då Laurence turnerte rundt i Nederland.

I november 2022 kunngjorde den nederlandske kringkastaren AVROTROS at Cooper skulle representere Nederland i Eurovision Song Contest 2023 i Liverpool saman med Mia Nicolai.[6] Duoen blei slegen ut i semifinalen tysdag 9. mai 2023.[7]

Cuiper skildrar musikkstilen sin som «klassisk rock møter songar-låtskrivar, eller Bryan Adams møter Harry Styles».

Referansar endre

  1. «Onzeuittips voor komende week: van Duncan Laurence in Paradiso tot bladeren zoeken in de Hortus». Het Parool (på nederlandsk). 4. november 2021. Henta 29. desember 2022. 
  2. «DionCooper». Dion Cooper (på engelsk). Henta 29. desember 2022. 
  3. 3,0 3,1 3,2 «Interviewmet Dion Cooper: een rijzende ster!». Gigstarter (på nederlandsk). Henta 29. desember 2022. 
  4. aussievision (1. november 2022). «Eurovision2023: Mia Nicolai & Dion Cooper will represent Netherlands with Duncan Laurence song». aussievision (på engelsk). Henta 29. desember 2022. 
  5. Veen, Renske ten (1. november 2022). «Netherlands: Mia Nicolai & Dion Cooper have a song titled "Chasing Highs"». wiwibloggs (på engelsk). Henta 29. desember 2022. 
  6. «MiaNicolai en Dion Cooper voor Nederland naar Songfestival». nos.nl (på nederlandsk). 1. november 2022. Henta 29. desember 2022. 
  7. «FirstSemi-Final of Liverpool 2023 - Eurovision Song Contest». eurovision.tv. Henta 18. mai 2023.