Mia Nicolai

nederlandsk musikar

Michaja Nicolaï (fødd 7. mars 1996 i Amsterdam i Nederland), kjend under artistnamnet Mia Nicolai, er ein nederlandsk songar, låtskrivar og skodespelar. Ho representerte Nederland i Eurovision Song Contest 2023 saman med artisten Dion Cooper og låten «Burning Daylight».[1]

Mia Nicolai

Fødd7. mars 1996 (28 år)
FødestadAmsterdam
AliasMia Nicolai
OpphavKongeriket Nederlanda
Aktiv2018–
Instrumentpiano
Verka somsongar, låtskrivar, skodespelar
FarPeter Nicolaï

Bakgrunn endre

Nicolaï blei fødd i Amsterdam 7. mars 1996, som andre dotter av juristen og Partij voor de Dieren-politikar Peter Nicolaï, og den russisk-fødde musikaren og komponisten Marynka Nicolaï-Krylova.[2][3] Ho tok drama- og ballettimar frå ho var tre år. Dette fekk ho interessert i musikk, og ho lærte seinare å spele piano og fiolin.[3][4]

I 2018 gav Nicolaï ut sin fyrste singel, ein coverversjon av «At Last» av amerikanske Glenn Miller.[5] I 2020 følgde ho opp med singlane «Set Me Free» og «Mutual Needs».[6][7] I april 2021 slapp ho låten «People Pleaser». I eit intervju med det amerikanske motemagasinet Flaunt fortalde ho at songen handla om å vere tru mot seg sjølv.[8] Seinare same år gav ho ut låten «Dream Go».[9]

2023: Eurovision Song Contest endre

Den 1. november 2022 kunngjorde den nederlandske kringkastaren AVROTROS at Nicolaï skulle representere Nederland i Eurovision Song Contest 2023 saman med Dion Cooper.[10] Nicolaï og Cooper blei etablert som duo i 2020, gjennom 2019-vinnaren Duncan Laurence og partnaren hans Jordan Garfield.[11] Duoen blei slegen ut i semifinalen tysdag 9. mai 2023.[12]

Privatliv endre

Nicolaï har budd i London, Melbourne og New York, før ho slo seg ned i Los Angeles i 2022.[6][13] Ho har David Bowie som eit av sine største musikalske førebilete.[11]

Referansar endre

  1. «MiaNicolai & Dion Cooper vertegenwoordigen Nederland op het Eurovisie Songfestival! - Eurovisie Songfestival». AVROTROS.nl (på nederlandsk). 1. november 2022. Arkivert frå originalen 2. november 2022. Henta 5. november 2022. 
  2. Hansvan der Beek (13. mars 2004). «Hetinterview: Peter Nicolaï – PS van de Week» (PDF). Het Parool. s. 19–23. Arkivert frå originalen (PDF) 3. november 2022. Henta 5. november 2022. 
  3. 3,0 3,1 Marlies van Leeuwen, Suzanne Borgdorff (1. november 2022). «DuncanLaurence bracht ‘gouden combinatie’ samen: wie zijn Mia Nicolai en Dion Cooper?». AD.nl. Algemeen Dagblad. Henta 5. november 2022. 
  4. «Duo Dion Cooper en Mia Nicolai namens Nederland naar het Eurovisie Songfestival». De Telegraaf. 1. november 2022. 
  5. «Popnewcomer Mia Nicolai is exasperated and lists her demands on her debut "Set Me Free"». The Line of Best Fit (på engelsk). Henta 5. november 2022. 
  6. 6,0 6,1 «FreshFace: Mia Nicolai - Notion | Interview». Notion (på engelsk). 3. desember 2021. Henta 5. november 2022. 
  7. outnowcontact (9. november 2020). «MiaNicolai Unveils New Brilliant Dark Single “Mutual Needs”». Out Now Magazine | Music News - Charts , Festivals & Clubs (på engelsk). Henta 5. november 2022. 
  8. «MiaNicolai | Inspiring new single “People Pleaser”». Flaunt Magazine (på engelsk). Arkivert frå originalen 2. november 2022. Henta 5. november 2022. 
  9. Thomson, Zangba (13. desember 2021). «MiaNicolai releases a lovely alternative tune, entitled, “Dream Go”». Bong Mines Entertainment (på engelsk). Henta 5. november 2022. 
  10. Adams, Oliver (1. november 2022). «MiaNicolai and Dion Cooper will sing for The Netherlands at Eurovision 2023». wiwibloggs (på engelsk). Henta 5. november 2022. 
  11. 11,0 11,1 «MiaNicolai & Dion Cooper vertegenwoordigen Nederland op Eurovisie Songfestival 2023». NPO Radio 2 (på nederlandsk). Henta 5. november 2022. 
  12. «FirstSemi-Final of Liverpool 2023 - Eurovision Song Contest». eurovision.tv. Henta 18. mai 2023. 
  13. Farren, Neil (1. november 2022). «Netherlands: Mia Nicolai & Dion Cooper to Eurovision 2023». Eurovoix (på engelsk). Henta 5. november 2022.