Opna hovudmenyen

Toto er ei amerikansk rocke-, pop- og proggruppe som hadde størst kommersiell suksess på 1980-talet. Gruppa blei forma av nokre av dei mest vidgjetne og erfarne studiomusikarane på det seinare 70-tal. Debuten med det sjølvtitulerte albumet Toto i 1978 førte dei rett inn spekteret av populær rock på den tida. Med utgjevinga Toto IV oppnådde dei i endå større grad både journalistisk og kommersiell suksess, og blei eit av dei mestseljande banda på den tida. Sjølv om populariteten i USA har minska dei siste tiåra, har den heldt stand i Europa og andre delar av verda. Bandet har i alt gitt ut 17 album og seld over 30 millionar album. Dei er kjende for slagerar som «Hold the line», «Rosanna» og «Africa», og dekkjer elles fleire ulike musikksjangrar; mellom anna pop, rock, funk, prog og jazz.

Toto
LukeBobby.jpg
OpphavUSA
Periode1976-
SjangerRock, pop, progressiv rock
PlateselskapSony BMG, Columbia Records
MedlemmerSteve Lukather
David Paich
Joseph Williams
Steve Porcaro
Tidlegare medlemmerJeff Porcaro
David Hungate
Fergie Frederiksen
Jean-Michel Byron
Simon Phillips
Mike Porcaro
Greg Phillinganes
Bobby Kimball

BiografiEndra

Den første periodenEndra

Seks studiomusikarar starta i 1976 bandet Toto. Keyboardist David Paich kjende trommeslagaren Jeff Porcaro og dei starta å vurdere om dei skulle starte eit band saman, i staden for å spele som sessionmusikar. Med seg på laget fekk dei gitarist Steve Lukather, bassist David Hungate, keyboardist Steve Porcaro og vokalist Bobby Kimball. I 1977 starta dei produksjonen av sitt første album. Namnet kom frå det latinske ordet Toto, som tyder altfemnande. Dette passa godt då dei alle hadde brei erfaring med mange musikksjangrar og hadde planar om å blande mange sjangrar inn i musikken. Det sjølvtitla debutalbumet (1978) kom raskt inn på hitlistene, med god hjelp frå singelen «Hold The Line», som den dag i dag er ein av dei mest kjende låtane til bandet. For dette albumet blei dei nominert til Grammy for beste nye band. Allereie året etter gav dei ut albumet Hydra, som inneheldt hiten «99». Det neste albumet Turn Back (1981) var eit eksperimentelt album, og oppnådde i motsetnad til dei to første albuma, ingen kommersiell suksess. Toto IV derimot, var bandet sin største kommersielle suksess. Bandet var under stort press frå plateselskapet etter det låge salet av det førre albumet, men innfridde forventingane, og meir enn det. Albumet vann heile seks Grammy-prisar, inkludert prisen for beste song for «Rosanna». Den andre hitsingelen frå albumet var «Africa».

Nye vokalistarEndra

 
David Paich under ein konsert

Før Toto IV blei utgjeven slutta bassist David Hungate i bandet for å bruke meir tid med familien, og under prosessen med det nye albumet Isolation blei Bobby Kimball sparka som vokalist. I staden kom Mike Porcaro og Fergy Frederiksen inn som bassist og vokalist. Sjølv om Isolation var ein kommersiell suksess, kunne ikkje albumet måle seg med sin forgjengar. Fergie Frederiksen kom ikkje godt overeins med resten av bandet og før neste album skifta bandet vokalist. Den nye vokalisten Joseph Williams, son av filmmusikkomponisten John Williams, blei valt ut av dei som kom på audition. Med han som vokalist gav dei ut Fahrenheit i 1986. Albumet var noko rolegare enn tidlegare utgjevingar, men inneheldt hiten "I'll be over you".

 
Steve Lukather

Etter den påfølgjande turneen valte keyboardist Steve Porcaro å slutte, og bandet fortsette med ein keyboardist, David Paich. Den nye plata, The Seventh One, var meint å vere albumet der bandet skulle tilbake til dei same høgdane som på Toto IV. Sjølv om dei to singlane «Stop loving you» og «Pamela» blei kommersielle suksessar, oppnådde aldri albumet same status som Toto IV, mykje fordi promoteringspengar blei trekt tilbake då plateselskapet skifta leiing. Grunna narkotikamisbruk blei Joseph Williams sparka etter den følgjande turneen, då det blei eit problem at han ofte mista stemmen. Bandet ønska eigentleg å få tilbake Bobby Kimball som vokalist, men plateselskapet henta i staden Jean-Michel Byron til å synge på fire nye songar, som hadde blitt laga til samleplata deira Past to Present 1977-1990. Byron følgte bandet på ny turne, men bandet var ikkje nøgd med måten han opptrådde på, og han blei også sparka frå bandet.

Ny trommeslagarEndra

 
Simon Phillips

I mangelen på ny vokalist overtok gitarist Steve Lukather som hovudvokalist på det nye albumet Kingdom of Desire. Rett før dette albumet blei utgitt i 1992 skjedde det ei tragisk ulukke, der trommeslagar Jeff Porcaro døydde. Bandet brøyt saman av tanken på ein turne utan Jeff Porcaro, men familien hans kom med eit ønske om at bandet skulle fortsette med ny trommeslagar. Dei spurte Simon Phillips, ein trommeslagar dei visste Jeff Porcaro likte, og han takka ja til tilbodet. Det blei lagt ut på ein turne til minne om Jeff Porcaro, og eit konsertalbum blei gitt ut frå denne turneen. Nye koristar song dei songane og delane som Steve Lukather ikkje kunne synge. Dette blei fortsett då bandet gav ut Tambu i 1995.

Bobby Kimball kjem tilbakeEndra

Etter samlealbumet Toto XX (1997) tok bandet inn Bobby Kimball som vokalist igjen. Saman gav dei ut albumet Mindfields, eit album som inneheldt singlane «Melanie», «Cruel» og «Mad About You». Den påfølgjande turneen førte med seg konsertalbumet Livefields. I 2002 gav bandet ut albumet Through the Looking Glass, med coverversjonar av inspirasjonskjeldene deira. Dei blei kritisert for ikkje å skrive nye låtar sjølv, men albumet danna grunnlaget for 25-årsjubileet til bandet, noko dei markerte med turne, konsert-DVD og konsertalbum. Etter turneen slutta David Paich å turnere, og Greg Phillinganes tok over for han. David Paich er framleis medlem i bandet, då han er med bandet på innspeling og produksjon i studio. I 2006 kom det etter sju år nye låtar frå Toto, med studioalbumet Falling In Between. Albumet blei godt teke imot, både av fans og kritikarar, og inneheldt hitsingelen «Bottom of Your Soul». Grunna ei handskade måtte Mike Porcaro erstattast av Leland Sklar på den etterfølgjande turneen, og han var med det også bassist på Falling In Between Live, ei konsertplate frå turneen.

Den 9. juni 2008 blei det annonsert at bandet ikkje ville halde fram. Sommaren 2010 gjorde bandet likevel comeback med ein turne i Europa til ære for den tidlegare bassisten Mike Porcaro som er sjuk (ALS). På turneen spela dei ein konsert i Noreg, på Biri Travbane. Dei som var med på denne turnèen var mellom anna Steve Lukather, David Paich, Simon Phillips, Steve Porcaro, Joseph Williams og Nathan East. Oppvarmingsbandet på turnèen var Manfred Mann’s Earth Band.

DiskografiEndra

StudioalbumEndra

 
Steve Lukather og Bobby Kimball
  1. 1978 - Toto
  2. 1979 - Hydra
  3. 1981 - Turn Back
  4. 1982 - Toto IV
  5. 1984 - Isolation
  6. 1986 - Fahrenheit
  7. 1988 - The Seventh One
  8. 1992 - Kingdom of Desire
  9. 1995 - Tambu
  10. 1999 - Mindfields
  11. 2002 - Through the Looking Glass (coveralbum)
  12. 2006 - Falling In Between
  13. 2015 - Toto XIV

Samlealbum, konsertalbum og filmlydsporEndra

  1. 1984 Dune
  2. 1990 Past to Present 1977-1990 (samlealbum med fire nye songar) (Platinum)
  3. 1993 Absolutely Live]]
  4. 1996 Toto XX
  5. 1999 Livefields
  6. 2002 Greatest Hits...And More
  7. 2003 Live in Amsterdam
  8. 2007 Falling In Between Live

SinglarEndra

 
Simon Philips
 
Steve Lukather
 
Bobby Kimball
År Tittel USA England Tyskland Album
1978 Hold the Line 5 14 23 Toto
1978 I'll Supply the Love 45 - - Toto
1978 Georgy Porgy 48 - - Toto
1979 St. George and the Dragon - - - Hydra
1979 99 26 - - Hydra
1979 All Us Boys - - - Hydra
1981 Goodbye Elenore - - - Turn Back
1982 Rosanna 2 12 24 Toto IV
1982 Make Believe 30 - 70 Toto IV
1982 Africa 1 3 14 Toto IV
1983 I Won't Hold You Back 10 37 - Toto IV
1983 Waiting for Your Love 73 - - Toto IV
1984 Stranger in Town 30 - - Isolation
1984 Angel Don't Cry - - - Isolation
1985 Holyanna 71 - - Isolation
1985 How Does It Feel - - - Isolation
1985 Endless - - - Isolation
1986 I'll Be Over You 11 - - Fahrenheit
1986 Without Your Love 38 - - Fahrenheit
1987 Till The End - - - Fahrenheit
1987 Could This Be Love - - - Fahrenheit
1988 Pamela 22 - - The Seventh One
1988 Stop Loving You - - - The Seventh One
1988 Straight for the Heart - - - The Seventh One
1988 Mushanga - - - The Seventh One
1990 Out of Love - - - Past to Present 1977-1990
1990 Can You Hear What I'm Saying - - - Past to Present 1977-1990
1992 Don't Chain My Heart - - - Kingdom of Desire
1992 Only You - - - Kingdom of Desire
1992 2 Hearts - - - Kingdom of Desire
1992 The Other Side - - - Kingdom of Desire
1995 I Will Remember - 64 82 Tambu
1995 If You Belong to Me - - - Tambu
1995 Just Can't Get to You - - - Tambu
1996 Drag Him to the Roof - - - Tambu
1996 The Other End of Time - - - Tambu
1996 The Turning Point - - - Tambu
1998 Goin' Home - - 99 Toto XX
1999 Mad About You - - - Mindfields
1999 Melanie - - - Mindfields
1999 Cruel - - - Mindfields
2002 Could You Be Loved - - - Through the Looking Glass
2002 While My Guitar Gently Weeps - - - Through the Looking Glass
2006 House of the rising sun - - - Through the Looking Glass
2006 Bottom of Your Soul - - - Falling In Between

BakgrunnsstoffEndra

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Toto