Opna hovudmenyen

Duncan de Moor (fødd 11. april 1994 i Spijkenisse i Nederland), kjend under artistnamnet Duncan Laurence, er ein nederlandsk songar og låtskrivar som skal representera Nederland i Eurovision Song Contest 2019 i Tel Aviv i Israel med songen «Arcade».[1]

Duncan Laurence
Duncan Laurence with the 2019 Eurovision Trophy (cropped).jpg
Fødd11. april 1994
FødestadSpijkenisse
FødenamnDuncan de Moor
OpphavKongeriket Nederlanda
Aktiv2014–
SjangerPop, rock
InstrumentPiano
PlateselskapUniversal Music Group
Verka somsongar, musikar, singer-songwriter

Laurence starta den musikalske karrieren sin ved Rock Academy i Tilburg, og spelte i fleire band ved skulen. Her utvikla han seg også som songar, låtskrivar og musikkprodusent.

I 2014 deltok han i den femte sesongen av The Voice of Holland og hadde Ilse DeLange som mentor.[2]

Han har òg jobba som låtskrivar i London og Stockholm, og i 2018 skreiv han songen «Closer» saman med Jihad Rahmouni. Songen vart utgjeven av K-pop-duoen TVXQ på albumet New Chapter No. 1: The Chance of Lóve.[3]

ReferansarEndra

  1. Groot, Evert (21. januar 2019). «Duncan Laurence will represent The Netherlands this year». eurovision.tv. 
  2. Popescu, David (21. januar 2019). «Netherlands: Duncan Laurence on his way to Tel-Aviv!». escunited.com. 
  3. Koeleman, Danja (21. januar 2019). «Duncan Laurence naar Songfestival: Wie is de 24-jarige zanger?». nu.nl (på nederlandsk).