Disko

(Omdirigert frå Diskoøya)
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå disco.

Disko (grønlandsk Qeqertarsuaq, 'den store øya') er ei øy i Grønland. Ho ligg på vestkysten og har ei flatevidd på 8578 km². Øya ligg om kring 60 kilometer vest for Ilulissat (dansk Jakobshavn) i Diskobukta (Qeqertarsuup Tunua) på det grønlandske fastlandet. Ho er skild frå fastlandet av Suvdlorssuaq-sundet, og har ei største lengd på om lag 160 km.

Disko
øy
Land  Grønland
Areal 8 612 km²
Folketal 892
Kart
Disko
69°45′N 53°30′W / 69.75°N 53.5°W / 69.75; -53.5
Wikimedia Commons: Disko Island
Disko på kart over Grønland.
Kart over øya.

Geografi endre

Store delar av Disko består av høge, stupbratte basaltfjell danna etter vulkansk aktivitet for 55-65 millionar år sidan. Øyas snitthøgd er heile 975 meter, medan høgste punktet er 1919 meter over havet. Disko er for ein stor del dekt av ein isbre. Den sørlegaste delen av breen munnar ut i ein botnbre, Lyngmarksbræen. Denne er eit populært turistmål, då det er ein av få stader på Vest-Grønland der ein kan køyre hundeslede om sommaren.

Berre tundratilpassa planter veks i det skrinne jordsmonnet, som er prega av permafrost. Nytteplanter og tre finst ikkje.

Dei geologiske formasjonane på Disko er av interesse for paleontologar, då dei er gjennomtrengde av fossil.

Samfunn endre

Disko er tynt kolonisert, berre to stader har fast busetnad. Største buplassen er Qeqertarsuaq (dansk Godhavn) på sørsida med ei kring 1000 innbyggarar. Ei 35 kilometer lenger nord ligg bygda Kangerluk med om lag 50 innbyggarar som lever av jakt og fiskeri. Inntil 1972 var ei kolgruve i drift ved Qullissat på den nordaustlege sida av øya. Bebuarane flytta til Qeqertarsuaq då gruva vart stengd.

På Disko ligg Arktisk Station driven av Københavns Universitet. Frå stasjonen føregår forsking innanfor arktisk flora, fauna og landskapsutvikling.

Historie endre

Ved Qeqertarsuaq har ein funne spor etter paleo-eskimoar og Dorsetkulturen (700 f. Kr. til 200 e.Kr.), men det er omstridt om det har vore fast busetnad. Etter som det i nærleiken, ved Ilulissat, er utgrave ein større inuitt-buplass av Saqqaqkulturen (2500-800 f.Kr.), vert det rekna med at inuittiske folk i historisk tid har vitja Disko ofte.

Eirik Raude var den første europear som fekk Disko i sikte, kring 982-985. Dei norrøne kolonistane på Grønland dreiv i sommarmånadene jakt ved Diskobukta. Men dei hadde ingen busetjingar i området, som dei kalla for Norðrsetur.

På leit etter Nordvestpassasjen ankra den 4. juli 1845 skipa HMS «Erebus» og HMS «Terror», tilhøyrande Franklin-ekspedisjonen, opp i ei bukt på Disko for å bunkre ferskvatn. Bortsett frå ein enkelt observasjon av ei kvalfangarskute i rom sjø få dagar seinare, var det den siste gongen dei 138 ekspedisjonsdeltakarane vart sett i live.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre