HMS «Terror» i Arktis
Karriere  Storbritannia
Namn: HMS «Terror»
Verft: Davy skipsverft i Topsham
Sjøsett: 1813
Lagnad: Forliste i Victoria Strait i Canada,
22. april 1848
Generelle mål
Klasse og type: Bombefartøy i Vesuvius-klassen
Tonnasje: 325 tonn
Lengd: 31
Breidd: 8.2
Draft: 6.86
Framdrift: Segl
dampmotor
Mannskap: 67
Utrusting: 1 × 13 in (330 mm) bombekastar, 1 × 10 in (250 mm) bombekastar

HMS «Terror» var eit bombarderfartøy designen av sir Henry Peake og konstruert av den britiske marinen, Royal Navy. Skipa var bevæpnet med ein 254 mm mortar og ein 330 mm mortar. Skipet blir i ulike kjelder skildra med anten 326 tonn eller 340 tonn.

Krigsteneste endre

«Terror» tenestegjorde i 1812-krigen mot USA. Under leiing av John Sheridan deltok skipet i å bombardere Stonington i Connecticut frå 9. til 12. august, 1814. Skipet deltok òg ved Fort McHenry i slaget ved Baltimore, 13. til 14. september same år. Åtaket på Fort McHenry inspirerte Francis Scott Key til å skrive The Star-Spangled Banner. I januar 1815 var «Terror» involvert i åtaket på St. Marys i Georgia. Etter krigen gjekk skipet i opplag fram til 1828, då skipet igjen vart sett i teneste i Middelhavet. Den 18. februar 1828 gjekk ho på grunn nær Lisboa. Etterkvart vart ho drege av grunn og teke ut av teneste etter reparasjonar.

Teneste i Arktis og Antarktis endre

Bombefartøyet måtte byggjast solid for å kunne tole rekylen til 3-tonns bombekastarar. Dette teke i rekning var fartøyet spesielt veleigna til teneste i Arktis. Ein solid konstruksjon kunne vere med på å halde skipet intakt under dette området med ekstreme vêrforhold og klima. I 1836 fekk George Back kommandoen over skipet i ein ekspedisjon til den nordlege delen av Hudsonbukta. Målet var å gå inn i Repulsebukta der mannskap skulle gå i land for å finne ut om Boothia-halvøya var ei halvøy eller ei øy. «Terror» mislukkast i å nå fram til Repulsebukta og overlevde så vidt vinteren utanfor Southamptonøya. Ein samanstøyt med eit isfjell våren 1837 gjorde skadane vondare. Då Back klarte å strande skipet på kysten av Irland var skipet i så dårleg forfatting at det var nær ved å søkke.

Ross-ekspedisjonen endre

«Terror» vart reparert og fekk deretter i oppdrag å segle med HMS «Erebus» til Antarktis. Denne ekspedisjonen var under kommando av James Clark Ross. Francis Crozier var kaptein på Terror. Ekspedisjonen varte frå 1840 til 1843. Skipa hadde tre turar i antarktiske farvatn: Dei kryssa Rosshavet to gonger og segla gjennom Weddellhavet, søraust for Falklandsøyane. Vulkanen Mount TerrorRoss Island er kalla opp etter skipet.

Franklin-ekspedisjonen endre

I 1845 vart sir John Franklin gjeve oppdraget med å finne Nordvestpassasjen, og dermed ein raskare veg frå Europa til Stillehavet (ekspedisjonen er kjent som Franklin-ekspedisjonen). Franklin fekk HMS «Erebus» og HMS «Terror» til disposisjonen sin. Skipa vart utrusta med dampmotorar på 20 hestekrefter og skroget vart forsterka med jernplater for reisa til Arktis. Sir John Franklin kommanderte ekspedisjonen frå Erebus. Crozier hadde igjen kommandoen over «Terror». Ekspedisjonen skulle samle inn magnetisk data i den kanadiske delen av Arktis, og dessutan krysse Nordvestpasasjen. Passasjen hadde tidlegare vorte kartlagt frå austsida og vestsida, men aldri gjennomsegla.

Ekspedisjonen seglte frå Greenhithe 19. mai 1845. Skipa vart sist sett av engelske kvalfangarar då dei seglte inn i Baffinbukta i august 1845. Det tok lang tid før leiteaksjonar vart sett i gang blant anna fordi skipa var utstyrt med delvis hermetiserte matforsyningar som skulle vare i tre år. Etter to år vart det sett i gang mangfoldige leiteaksjonar, både private så vel som offentlege. Leiteaksjonar vart sett i gang både frå britisk og amerikansk side. Mange fleire liv gjekk tapt under leiteaksjonane, men ein fekk likevel samla inn informasjon som gav eit samansett bilete av korleis det hadde gått med ekspedisjonen. Begge skipa hadde vorte sitjande fast i isen og forlate av mannskapa, som alle døydde av kulde og utmatting under eit strabasiøst forsøk på å nå Fort Resolution, 970 km i sørvestleg retning. Fleire ekspedisjonar heilt til nyare tid, der lik har vorte funne og undersøkt, og dessutan historier fortalt gjennom generasjonar blant eskimoar, har gjeve ny informasjon. Hermetikken mannskapa åt av var mest truleg blyforgifta, og svolten kan ha drive dei gjenverande til kannibalisme.

Vrak endre

Den kanadiske regjeringa kunngjorde 15. august 2008 at dei ville setta i gang ein seks veker lang leiteaksjon, finansiert med 75 000 kanadiske dollar. Isbrytaren CCGS «Sir Wilfrid Laurier» skulle freiste å finne «Terror» og «Erebus», me fann dei ikkje. Det vart gjort nye forsøk i 2010, 2011 og 2012, utan hell.[1]

8. september 2014 vart det gjort kjend at eit av skipa til Franklin-ekspedisjonen var funne dagen før med ein fjernstyrt undervassbåt Parks Canada nyleg hadde teke i bruk.[2][3] 1. oktober 2014 kunngjorde statsminister Stephen Harper at funnet var vraket av «Erebus».[4] 12. september 2016 kunngjorde ei gruppe frå Arctic Research Foundation at eit vrak som svarte til skildringa av «Terror» var funne ved sørkysten av King William Island.[5]

I 2018 overførte dei britiske styresmaktene eigarskapen over«Terror» og «Erebus» til Canada og inuittane, under Inuit Heritage Trust.[6][7]

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre