Franklins tapte ekspedisjon

(Omdirigert frå Franklin-ekspedisjonen)

Franklins tapte ekspedisjon, eller Franklin-ekspedisjonen, var ein stor ekspedisjon som det britiske admiralitetet sende ut i 1845 for å utforska dei siste ukjente delane av Nordvestpassasjen. Han bestod av 129 marinepersonell fordelte på dei to bombarderfartøya HMS «Terror» og HMS «Erebus», og var leia av kommandør (posthumt kontreadmiral) sir John Franklin. Ekspedisjonen forsvann, og i dei følgjande åra blei det sendt ut fleire ekspedisjonar for å finna ut kva som hadde skjedd. Sjølv om det framleis er mange mysterium knytte til skjebnen til mennene, er det fastslått at både «Terror» og «Erebus» blei skrudd ned av isen og at alle ombord omkom, men på ulike tidspunkt og stader.

Kart som viser den sannsynlege ruta «Erebus» og «Terror» følgde. ██ Disko Bay (5) til Beechey Island, i 1845.██ Rundt Cornwallis Island (1), i 1845.██ Frå Beechey Island ned Peel Sound mellom Prince of Wales Island (2) og Somerset Island (3) og Boothia halvøyen (4) fram mot King William Island i 1846.Disko Bay (5) er omtrent 3200 kilometer frå munningen av Mackenzie-elva (6).

Bakgrunn

endre
 
John Franklin
 
Jane Griffin (seinare Lady Jane Franklin), 24 år i 1815. Ho gifta seg med John Franklin i 1828, og var den viktigaste pådrivaren i jakta på den fortapte ekspedisjonen hans.

På fyrste halvdel av 1800-talet sende det britiske admiralitetet ut ei rekke ekspedisjonar for å finna ei sikker rute gjennom Nordvestpassasjen. Håpet var at denne kunne bli ein snarveg for skipstrafikken mellom Europa og Det fjerne austen, og dermed bidra til å underletta den sjøbaserte handelen.

I 1845 var mesteparten av passasjen kartlagt, m.a. ved to ekspedisjonar Franklin leia i 1819-22 og 1825-27. Framleis var ca. 500 km ukjent land, og admiralitetet bestemte seg for å senda ein siste stor ekspedisjon for å utforska denne siste strekninga. Dette dreidde seg om havområda rundt King William Island. Ein viktig del av ferda var å driva studiar av jordmagnetismen nær den magnetiske nordpolen.[1][2]

John Franklin var ikkje førstevalet til å leia ekspedisjonen, til det var han både for gammal og i for dårleg fysisk form.[3] Då meir opplagte kandidatar, som Sir James Clark Ross, sa nei, fall likevel valet på Franklin. Han var dessutan arbeidslaus på dette tidspunktet, og svært ivrig etter å få nye oppdrag.

Ekspedisjonen drog med dei to velprøvde skipa «Terror» og «Erebus», som James Ross hadde brukt då han utforska farvatnet rundt Antarktis. Desse blei i tillegg moderniserte med dampmaskiner overtatt frå jernbaneverket, og også utstyrt med dampoppvarming av alle rom. Ombord på båtane var det forsyningar for minst tre år.[4] Det var den best utstyrte arktiske ekspedisjonen England nokon gong hadde sendt ut.[5]

Francis Crozier vart utpeika til kaptein på «Terror» og James Fitzjames på «Erebus».

Ekspedisjonen forsvinn

endre

Dei to skipa drog ut Themsen 19. mai 1845. Siste gongen dei blei sett av andre europearar var 26. juli, ved innløpet til Nordvestpassasjen.

I 1847 var det nokre personar, fyrst og fremst sir John Ross, som meinte at ein måtte byrja å leita etter ekspedisjonen. Admiralitet meinte dette var unødvendig, sidan han var utstyrt for fleire år. Fyrst i 1848 spreidde uroa seg.

Forsøk på å finna ut kva som hadde skjedd

endre

I 1848 blei det sett i gang tre mislukka redningsaksjonar: James Ross feila då han prøvde å segla inn Nordvestpassasjen frå aust, eit anna skip prøvde å segla inn frå vest, medan sir John Richardson og John Rae drog ned Mackenzie-elva og leita. Etter dette ville ikkje admiralitetet leita meir og sette opp ein løn for å få andre til å gjera jobben: 20 000 pund for den som redda Franklin og 10 000 pund for den som fann skipa hans.

Kona til Franklin, lady Jane Franklin, brukte alle pengane sine og all tida si for å få sendt ut fleire ekspedisjonar som kunne finna restane av ekspedisjonen til mannen. Dette og den offentlege interessa hadde ein effekt: I 1850 krydde det av redningsskip i Nordvestpassasjen.[6] I slutten av august byrja ein endeleg å finna spor, på øya Beechey Island fann ein Franklin sitt vinterkvarter frå 1845. Like i nærleiken låg tre medlemmer av besetninga gravlagde.

Etter dette blei det ikkje gjort meir framgang på ei god stund, og ekspedisjonen blei avskriven av admiralitetet i 1855.[7]

Delvis oppklaring og nye mysterium

endre

I 1853 drog John Rae over land til King William Island for å leita etter spor av Franklin. Dette var det siste området som enno ikkje var undersøkt. Undervegs trefte han nokre inuittar som fortalde ei grusam soge: Vinteren 1849-50 hadde dei treft 40 europearar som drog ein lettbåt sørover, på King William Island. Dei var leia av ein stor offiser, truleg Crozier. Med teiknspråk forklarte dei at båtane deira var skrudde ned av isen. Alle var tynne og utmatta. Om våren hadde inuittane dratt over til fastlandet og hadde då funne 35 av mennene nær Great Fish River, alle døde. Dei hadde tydelegvis vore nøydde til å eta kvarandre.[8] Nokre levde nok framleis, inuittane høyrde skot seinare på våren 1850. Dette var samtidig som det var mange redningsekspedisjonar lenger nord.

Opplysingane om kannibalisme vakte oppstyr i viktorianske England, og mange nekta å tru på Rae og inuittane. Ein seinare ekspedisjon sendt ut av Hudson Bay Company bekrefta likevel soga langt på veg.

Etter dette sende lady Franklin ut sin eigen ekspedisjon, leidd av Francis Leopold McClintock. I 1859 møtte han inuittar som fortalde om kvite menn som hadde gått sørover, og fall døde om medan dei gjorde det. Dei sa òg at eit stort seglskip var blitt øydelagd utanfor King William Island, og at det framleis hadde vore der året før. Vidare fortalde dei om liket av ein stor mann med lange tenner ombord.[9] Rett etter midnatt 25. mai fann McClintock det første liket frå Franklinekspedisjonen på King William Island, tydelegvis ein stuert som hadde falle medan han gjekk.[10]

Litt seinare fann McClintock to vardar som var bygde av mennene til Franklin. I den eine låg eit merkeleg dokument inne i ein metallbehaldar: På midten var det skrive ein beskjed 28. mai 1847 om at alt var vel, sjølv om skipa var innefrose. Rundt dette var det skrive ein ny beskjed 25. april 1848, som fortalde at Franklin hadde døydd 11. juni 1847, at 24 menn var døde alt i alt, og at ein hadde måtta gje opp skipa 22. april. Det var òg skrive at dei no sette kursen for Great Fish River. Det er eit mysterium at så mange hadde døydd ombord på skipa.[11]

Ti engelske mil lenger sør på King William Island fann ekspedisjonen ein av lettbåtane, plassert på ein slede. Oppi han låg det to menneskeleivningar. Det merkelege var at båten peika nordover, det verka som dei hadde vore på veg tilbake til skipa.

Nye funn

endre

Den 1. september 2014 fann ein leiteaksjon frå «Victoria Strait Expedition» to gjenstandar på Hat Island i Queen Maud Gulf nær King William Island:[12][13]

Den 9. september 2014 kunngjorde ekspedisjonen at han hadde lokalisert vraket av «Erebus», den 7. september.[14] Det var i svært god stand, og sonaren kunne til og med sjå dekksplankane.[15] Vraket var på botnen av den austlege delen av Queen Maud Gulf, vest for O'Reilly Island.[16]

Den 12. september 2016 kunngjorde ekspedisjonen at han hadde funne vraket av «Terror».[17] Skipet var i tilnærma perfekt stand. Vraket blei funne på sørkysten av King Williams Land. Dette indikerer at nokre overlevande frå ekspedisjonen truleg drog tilbake til skipet og freista å segla det til tryggleik.

Det er planlagt fleire framtidige ekspedisjonar inn i vraka av skipa for om ein kan finna fleire svar på kva som hende og kvifor besetninga forlét begge skip.

Kjelder

endre
  1. Lambert side 90: «Magnetic data gathering using the new Gauss-type instruments would be the primary purpose of the 1845 expedition.»
  2. Lambert side 142: «For all the prominence accorded to 'discovery' the size, equipment and timing of the Franklin expedition were driven by magnetic science. The element of discovery merely satisfied public curiosity»
  3. Fleming side 367: «A shudder ran through the Admirality... he was plainly too old and too unfit for the job. Barrow was particularly shaken.»
  4. Fleming side 372: «They carried three years' provisions which, augmented by hunting and fishing, they hoped might stretch to seven.»
  5. Fleming side 375: «the best-equipped Arctic fleet to have left England's shores.»
  6. Fleming side 382: «By 1850 the Arctic was crawling with rescue missions.»
  7. Fleming side 410: «The Admirality... wrote Franklin off as a loss, and called it a day.»
  8. Fleming side 411: «Many of the bodies had been hacked with sharp knives and the cooking pots contained human remains.»
  9. Fleming side 413: «the body of a big man with long teeth»
  10. Fleming side 413: «The Eskimos had spoken truthfully – Franklin's men had fallen down and died as they walked.»
  11. Fleming side 416: «This was an un-heard of casualty rate. It could not have been scurvy; they knew by now how to combat it»
  12. [«Arkivert kopi». Arkivert frå originalen 4. oktober 2015. Henta 20. september 2015.  Victoria Strait Expedition.
  13. «Franklin expedition ship pieces believed discovered in Arctic». CBC. Henta 9. september 2014. 
  14. http://www.dailymotion.com/video/x25m7ya_british-ship-lost-in-arctic-170-years-ago-found_news
  15. «Lost Franklin expedition ship found in the Arctic». CBC. 9. september 2014. Henta 9. september 2014. 
  16. Chase, Steven (9. september 2014). «Finding of Franklin ship fuels Harper's new nationalism». The Globe and Mail (Ottawa). Henta 10. september 2014. 
  17. Vancouver, Paul Watson in (12. september 2016). «Ship found in Arctic 168 years after doomed Northwest Passage attempt» (på engelsk). Henta 3. juni 2018.