Eirik Raude eller Eirik Torvaldsson (Eiríkr Rauði) vart fødd om lag år 950, truleg ein stad på Jæren i Rogaland fylke. Om lag år 1003 døydde han. Tilnamnet «raude» skal koma av det raude håret til Eirik.

Eirik Raude

Statsborgarskap Noreg
Fødd 950
Noreg
Død

1003
Brattahlíð

Yrke oppdagar, nybygger
Språk norrønt
Religion Norrøn religion
Far Thorvald Åsvaldsson
Ektefelle Thjodhild
Eirik Raude på Commons
Kart over Eirik Raudes Grønland

Utlegd på Island

endre

Om lag i år 970 måtte Eirik og faren Torvald Asvaldsson reisa frå Noreg etter å ha vorte lyst fredlause. Truleg hadde Torvald drepe nokre av mennene til kong Harald I Hårfagre. Dei valde å reisa til Island.

Etter ei tid på Island vart Eirik Raude dømd fredlaus for drap. Dimed måtte han nok ein gong finna nytt land. I mellomtida hadde Eirik gifta seg med Tjodhild. Saman fekk dei sønene Leiv, som seinare blei kjend for å ha oppdaga Amerika, og Torstein. Med andre kvinner hadde Eirik borna Torvald og Frøydis.

Utlegd på Grønland

endre

I 982 kom dei til det nye landet, som dei kalla Grønland, og utforska det i tre år. Då reiste dei til Island og inngjekk forlik med uvenene sine. Eirik Raude fekk med seg fleire hundre menn, kvinner og born og slo seg ned i det nye lovande landet.

To bygder laga seg til, Eystribyggð og Vestribyggð, det vil seie Austbygd og Vestbygd. Eirik Raude vart lagmann for bygdene. Garden Brattalid (Brattahlíð) i Austbygd var hovudbølet til Eirik Raude og slekta hans. Brattalid låg ved det noverande Narssarssuaq.

Sonen Leiv Eiriksson merka seg ut med reiselyst og vågemot, og er rekna for å vera oppdagaren av Vinland.

I 1002 kom det fleire folk til Grønland frå Island. På Island tok det til å verta for mykje folk i høve til livsgrunnlaget. Eirik Raude døydde i 1003, truleg av sjukdomar som følgde med dei nyaste innvandrarane.

Etter Eirik

endre

Soga om Eirik Raude er truleg skriven av Jon Thordharson i 1387, mest fire hundreår etter at Eirik levde. Truleg er soga skriven ned etter munnleg overleverte soger.

I nyare tid er boreplattforma Eirik Raude, som leiter etter olje i Barentshavet for Statoil, oppkalla etter vikinghersen.

Bakgrunnsstoff

endre