Diskos er ein idrettsreiskap som blir nytta i friidrettsgreina diskoskast. Ein nytta diskosar i antikken, og dei kan ha vore utforma basert på eit kastevåpen.[1][2]

Myron sin diskoskastar. Statue i København i Danmark.

Antikk bruk endre

I den greske antikken kunne ein diskos (gresk δίσκος, 'skive') vera av stein eller bronse, og var vanlegvis ein god del større og tyngre enn den som blir brukt i moderne friidrett. Ein nytta han berre som ei grein i olympisk femkamp. Det fanst ingen standard, og alla deltakarane kasta med same diskos. Dei tunge antikke diskosane blei truleg kasta med ei pendelrørsle.[2]

I Iliaden si skildring av gravferda til Patroklos (song 23, vers 826) kastar deltakarane ein diskos av jern under ei diskostevling, og vinnaren fekk behalda reiskapen. Jern var dyrt og ettertrakta.[2] I antikk mytologi blei Hyakinthos drepen av eit feilkast då han lærte Apollon å kasta diskos. I nokre forteljingar var det vindguden Zefyros som endra retning på diskosen av sjalusik. Blodet til Hyakhinthos blei til blomen hyasint.[3]

Det er mogleg av diskoskasting byrja som stridsøvingar, og han kan ha byrja som eit våpen med slipa kantar,[2] jamfør sørasiatisk tsjakram.

Utformninga av den moderne diskosen endre

 
Diskos på 2 kg, sertifisert for tevlingar av IAAF.
 
Diskos sett frå sida
 
Tverrsnitt av ein diskos

Ei moderne tevlingsskive for men har ein diameter på 22 cm og veg to kilo. For kvinner er diameteren 18,2 cm og vekta eitt kilo. Kantane er som regel av metall og dei flate sidene er av plast, glas- eller karbonfiber og må være glatte. Alle måla på diskosen er strengt standardiserte i dei internasjonale tevlingsreglane, og blir kontrollerte før kva tevling og like etter nasjonale og internasjonale rekordar. Det finst også skiver for nybyrjarar som er heilt av gummi og gjerne blir brukte til trening innandørs i nett.

Kjelder endre

  1. «Diskus i de olympiska spelen – diskus.nu» (på svensk). Henta 17. august 2022. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Martin P:son Nilsson (1938-1947). «Diskuskastning». Nordisk Familjeboks Sportlexikon (på svensk). Henta 17. august 2022. 
  3. «Kastleken som slutade i tragedi». Sveriges Radio (på svensk). 18. juli 2013. Henta 17. august 2022.