Diskusjon:Al-Jazari

Siste kommentar: for 12 år sidan av Sigmundg

Kvifor er det arabiske namnet (det eigentlege namnet) flytta til ein fotnote (dette er foresten rett bruk av fotnote!)? Om det skal vera ein fotnote i dette høvet må det òg vera det i andre artiklar, som til dømes «Edinburgh (skotsk gælisk Dùn Éideann)». --Sigmundg (diskusjon) 25. mars 2012 kl. 13:17 (CEST)Svar

Fordi det er svært få norsktalande som kan lesa arabiske bokstavar. Noko som gjev svært liten informasjon bør ikkje ta opp så mykje plass heilt i innleiinga av ein artikkel. --Ranveig (diskusjon) 25. mars 2012 kl. 16:36 (CEST)Svar
Eg vil tru at det er fleire som les både norsk og arabisk enn til dømes norsk og skotsk gallisk. Eg kjenner mange som talar både arabisk og norsk, men ingen som talar både norsk og gallisk. Ein bør vel vera konsekvent og handsama alle framandspråk likt. --Sigmundg (diskusjon) 25. mars 2012 kl. 17:15 (CEST)Svar
Eg snakkar om skriftsystem. Alle som les norsk, les latinske bokstavar. --Ranveig (diskusjon) 25. mars 2012 kl. 17:17 (CEST)Svar
Det er ikkje så reint få som les både norsk og arabisk. Om ein skal fjerna arabisk må ein vera konsekvent og fjerna hebraisk, japansk og så vidare. Kva med gresk og russisk, som heller ikkje nyttar det latinske alfabetet? Kven skal bestemma kva for skriftsystem som skal vert teke inn i varmen forresten? --Sigmundg (diskusjon) 25. mars 2012 kl. 17:22 (CEST)Svar
Men eg har då ikkje teke ut den arabiske skrifta? Ho står framleis i artikkelen for dei som kan og ønskjer å lesa (og ikkje går til arabisk Wikipedia). Eg er einig i at me konsekvent bør flytta lange namn på framande språk til eigne bolkar. Det er ikkje den viktigaste informasjonen, og treng ikkje ta opp plass på den første linja. --Ranveig (diskusjon) 25. mars 2012 kl. 17:30 (CEST)Svar
Om eg gjer dette for alle ikkje ikkje-latinske alfabet er det ein viss logikk i argumentasjonen, sjølv om eg er usamd. Eg tykkjer det er interessant å sjå korleis namn vert stava på orginalspråket. Russiske namn til dømes vert omsett forskjellig på germanske og latinske språk og då kan det vera nyttig at den opphavlege stavemåten står i fyste setninga. Eg tykkjer dette er svært viktig informasjon. Dessutan ser det uryddig ut å plassera denne informasjonen i ein fotnote. Det bryt flyten i teksten.
Eg kjenner ikkje til at ein har diskutert om namn skrivne men nokre alfabet skal plasserast i fotnotar. Ein bør vel verta samde om dette før ein tek til å flytta. Spesielt dei som arbeider med og skriv om språk bør få høve til å uttala seg. Før ein har vorte samde om dette meiner eg at vi bør halda på det systemet vi har. Kanskje denne diskusjonen bør flyttast til Samfunnshuset? --Sigmundg (diskusjon) 25. mars 2012 kl. 17:45 (CEST)Svar
Me har vel ingen fast formel for korleis innleiinga av artiklar bør vera, og me kan gjerne ta ein diskusjon om me treng det. Men tekst som få kan lesa bryt då vel særs mykje med flyten? Om du vil ha opphavlege skrivemåtar lenger opp enn som fotnote, eller i ein eigen namnebolk, er det også mogleg å plassera dei i ein infoboks. Sjå til dømes korleis det blir gjort i usbekisk og andre språkartiklar.--Ranveig (diskusjon) 25. mars 2012 kl. 17:51 (CEST)Svar
Det ser ut til at det er feil med plasseringa av infoboksen i artikkelen usbekisk. Tyrkisk er vel slik det bør vera? Dette er ein måte å gjera det på, men eg meiner framleis at dette bør diskuterast, for å sikra at det vert gjort på same måte over alt. I artikkelen Hebraisk, til dømes, står namnet med det hebraiske alfabetet. Hemraisk og arabisk er begge semittiske språk, skrivne med ikkje-latinske alfabet, og bør handsamast likt. Japan er skrive med Kanji, medan Egypt ikkje er skrive på arabisk. Det er nok fleire nordmenn som les arabisk enn japansk, så her er det ingen logikk. --Sigmundg (diskusjon) 25. mars 2012 kl. 18:09 (CEST)Svar
Tilbake til siden «Al-Jazari».