Diskusjon:Aurgjeldingar

Eg er litt usamd her og meiner at dei som bur på Aure fastland og særleg rundt Aure sentrum, vert kalla aurlendingar og ikkje auringar. Aurlendingane kunne så verta inndelt i aursundingar, todalingar, aurdalingar, m.m. Alle som opphavleg høyrde til Aure prestegjeld vart i sin tid kalla for aurgjeldingar, også dei som i dag er tustningar og eventuelt stemshaugingar.

Eit interessant spørsmål i denne samanhengen kan jo vera kvifor folk i Aure vert kalla aurgjeldingar, medan folk i nabokommunen i aust vert kalla for Hemnværingar (altså kvifor -gjeldingar og -væringar?). Ei samanlikning kan jo vera at folk ute frå Lesundet og omegn vart kalla øyaværingar -- i det minste av folk inne frå fjordane lenger sør i Aure. Finn 02:18, 25 april 2007 (CEST)

Aurlendingar eller auringar kan eg ikkje uttala meg så bastant om anna enn at inntrykket mitt er at auringar er frå sjølve Aure sentrum, medan aurlendingar kan vera frå heile området austom Aursundet frå grensa mot Stemshaug på nordsida til Todalen på sørsida. -- Olve 02:54, 25 april 2007 (CEST)
Eg trur begge har litt rett, men kva ein legg i omgrepet «autgjelling» varierer noko med kvar ein kjem frå. Det kan vel òg variera litt med tidsbolken. I tidlegare tider ville øvrigheita (presten og lensmannen) klassifisera folk etter kva prestegjeld dei høyde til, medan folk flest ofte nytta namn på øyer, fjordar, osv. Dei administrative grensene var heller ikkje faste, men vart nokre gongar endra. Då kunne det gå ein generasjon, eller tre, før almugen vente seg til at dei hadde skifta identitet frå valsøyfjording til aurgjelling, eller omvendt. --Sigmundg 12:40, 2 september 2007 (CEST)

Aurhjeldingar og Tustningar endre

Etter som det står «Merk at folk frå Tustna (som var eigen kommune før 1. januar 2006) berre blir kalla tustningar og ikkje aurgjeldingar.» bør kanskje ikkje «Kjendte Tustningar» vera med i lista over «Kjendte aurgjeldingar»? --Sigmundg 15:40, 9 september 2007 (CEST)

Tustningane hører ikkje heime i denne artikkelen, nei. -- Olve 16:23, 9 september 2007 (CEST)
Å nytta «Sjå òg» var eit godt påfunn. --Sigmundg 16:32, 9 september 2007 (CEST)
:-)
Har elles begynt å lure på om vi treng omkalfatring av innbyggjarkategoriane generelt. Folk frå Aure kommune inkluderer aurgjeldingar og tustningar, folk frå Halsa kommune inkluderer valsøyfjordingar og halsabyggar, folk frå Surnadal kommune inkluderer surndalingar, stangvikgjeldingar og åsskardbyggar, folk frå Sunndal kommune inkluderer sunndalingar, øksendalingar, ålvundeidingar — og frå 1. januar 2008 vil folk frå Kristiansund kommune inkludere kristiansunderar, gripværingar og freiøyingar... Kanskje vi rett og slett burde ha kategori:personar frå Aure, kategori:personar frå Halsa, kategori:personar frå Surnadal, kategori:personar frå Sunndal, kategori:personar frå Kristiansund og så vidare, eventuelt med underkategoriar der dette er relevant...? Da ville aurgjeldingar og tustningar vera artiklar som hamna under kategori:personar frå Aure osv. Liknande problem finn vi sjølvsagt i a<ndre deler av landet òg. Kv atrur de? -- Olve 16:40, 9 september 2007 (CEST)
Jau, eg tykkjer dette var klok tale. Det ville truleg verka mindre forvirrande på dei som ikkje er lokalkjente og det er vel dei som har mest nytte av artiklane på Wikipedia. --Sigmundg 16:50, 9 september 2007 (CEST)
Her må det nyttast skjønn. "Bergensarar" og "trøndarar" er betre kategorinamn enn "folk frå Bergen" og "folk frå Trøndelag".--Gunnar Mikalsen Kvifte 23:09, 9 september 2007 (CEST)
Omgrepet "folk frå --" er meir eintydig. Fordi nemningar for folk (t.d. «vefsningar») ikkje endrar seg sjølv om kommunegrenser vert endra. Men det vil vere eit språkleg tap å gå over til formuleringa «folk frå - - ». Sjølv om mange frå Elsfjorden heller vil bli kalt ranværingar enn vefsningar. - Knut 07:42, 12 september 2007 (CEST)
Tilbake til siden «Aurgjeldingar».