Elsfjord

tidlegare kommune i Nordland fylke i Noreg

Elsfjord er ein tidlegare kommune i Nordland (kommunenr. 1829). Kommunen vart skild ut frå Hemnes som eigen kommune i 1929. Frå 1. januar 1962 vart Elsfjord slått i hop med Drevja, Vefsn og Mosjøen kommunar til Vefsn kommune.

Elsfjord

Elsfjord er òg eit sokn i Vefsn prestegjeld. Då Elsfjord kyrkje vart bygd i 1955, høyrde kyrkjelyden enno til Hemnes prestegjeld.

Elsfjord hadde fram til 2021 ein kommunal fådelt skole med barnehage. Etter at denne vart vedtatt nedlagd, vart det i 2021 oppretta ein montessoriskole i dei same lokala.

Fram til 1945 gjekk riksvegen nordover gjennom Elsfjord. Derfrå var det ferjesamband ut Elsfjorden til Hemnesberget. Ferjetrafikken tok slutt då vegen over Korgfjellet vart opna. Nordlandsbanen passerer Elsfjord, men stasjonen i Elsfjord er nedlagd, og næraste jernbanestasjon er Drevvatn stasjon. Det har vore planar om å byggje ein stor flyplass for Helgeland ved Vesterbekkmoen - Drevvatnet i Elsfjord, men planane har stoppa opp på grunn av regional usemje og usikre verprognosar.

På vestsida av Elsfjorden ligg Elsfjorden naturreservat, som inngår i verneplan for barskog i Noreg.

Historiske elsfjordingar endre

Bakgrunnsstoff endre