Affoltern er eit av dei tolv distrikta i den tysk-talande kantonen Zürich i Sveits. Distriktet ligg vest i kantonen, og grensar til kantonen Aargau. I sør grensar Affoltern mot kantonen Zug. Affoltern hadde 48 065 innbyggarar per 31. desember 2010, og dekker eit areal på 113 km². Byen Affoltern am Albis, som ligg sentralt i distriktet og er den mest folkerike kommunen, er hovudstad.

Affoltern
Bezirk Affoltern
distrikt
Land  Sveits
Kanton kantonen Zürich
Hovudstad Affoltern am Albis
Areal 113,01 km²
Folketal 48 065  (31. desember 2010)
Kommunar 14
Kart
Affoltern
47°16′00″N 8°28′00″E / 47.266666666667°N 8.4666666666667°E / 47.266666666667; 8.4666666666667
Kart som viser Affoltern.
Kart som viser Affoltern.
Kart som viser Affoltern.
Wikimedia Commons: Säuliamt

Distriktet består av 14 kommunar. Omframt Affoltern am Albis er det Aeugst am Albis, Bonstetten, Hausen am Albis, Hedingen, Kappel am Albis, Knonau, Maschwanden, Mettmenstetten, Obfelden, Ottenbach, Rifferswil, Stallikon og Wettswil am Albis.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Affoltern