Djabir Saïd-Guerni

Aïssa Djabir Saïd-Guerni (fødd 29. mars 1977) er ein algerisk tidlegare friidrettsutøvar som vart verdsmeister på 800 meter i 2003 og på same distansen vann VM-bronse i 1999 og OL-bronse i 2000.

Djabir Saïd-Guerni
Statsborgarskap Algerie
Fødd 29. mars 1977 (47 år)
Alger
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2004, Sommar-OL 2000

Aktiv endre

Saïd-Guerni vart tredjemann på 800 m ved afrikameisterskapen 1998 i Dakar. Året etter vann han bronsemedaljen under verdsmeisterskapen i Sevilla og sølvmedaljen i afrikaleikane i Johannesburg. Den 3. september 1999 sprang han i Brussel sin snøggaste 800 meter nokon gong, klokka i måln på 1.43,09. I 2000-sesongen sigra han ved afrikameisterskapen på heimebane i Alger, før han under Sommar-OL i Sydney vann han ein ny bronsemedalje, slått med høvesvis åtte og to hundredels sekund av olympiameister Nils Schumann og sølvvinnar Wilson Kipketer. To år seinare forsvarte Saïd-Guerni afrikameistertittelen på 800 m i Alger.

Høgdepunktet for Saïd-Guerni kom i 800-metertevlinga under friidretts-VM 2003 i Paris. Inn mot målstreken kjempa han og russaren Jurij Borzakovskij og sørafrikanaren Mbulaeni Mulaudzi om gullmedaljen. Her lukkast Saïd-Guerni sikre seg gullet med ein margin på tre og ni hundredels sekund til dei nemnde utøvarane.

Saïd-Guerni nådde 800-meterfinalen både under Sommar-OL 2004 og friidretts-VM 2005, utan å kunne hevde seg i medaljestriden. Han la opp i 2007 etter fleire års skadeplagar.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre